Ny koronatest skal gi moglegheit til å teste 5 prosent av befolkninga i veka

Kommunane må kunne teste fleire for koronasmitte dersom det kjem ein ny smittebølgje, meiner Helsedirektoratet. Målet er å greie ein kvart million på ei veke.

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, seier kommunane må førebu seg på at dei må skalere opp testaktiviteten dersom Noreg kjem i ein situasjon med ny smittebølge.

– Sjølv om det ikkje er stort behov for å teste mange no, kan det i løpet av i år eller neste år blir behov for å teste opptil 5 prosent av befolkninga i ein kommune i løpet av ei veke, seier Nakstad.

Nakstad seier at målet er å kunne teste meir enn 250.000 menneske på sju dagar.

– Vi har analysekapasitet til å eskalere det opp til dette nivået, men det krev ein tilsvarande skalering for å ta prøvene ute i kommunane, for å kunne utnytte heile analysekapasiteten.

Helsedirektoratet vil byrje med ein overgang til spyttprøver for å teste for korona, framfor prøvepinne i svelg eller nase som i dag for testing av covid-19.

– Vi startar ein pilotstudie i Oslo i andre halvdel av juli for å sjå om dette tiltaket kan rullast ut til større delar av landet, seier Nakstad.

(©NPK)