Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ei ny nasjonal undersøking viser eit knapt fleirtal for å behalde kommunen som han er.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 08:31
I målinga som Sentio har utført for Klassekampen i mai blant tusen innbyggjarar svarte 53,5 prosent at dei vil vere ein eigen kommune slik som i dag, 40,7 prosent svarte at dei ville slå seg saman. Resultatet i august 2015 var 55,9 prosent mot og 35,5 prosent for samanslåing. I desember var tilsvarande tal 50,6 prosent mot og 44,8 prosent for.
Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) peikar på at det kviler eit ansvar på lokalpolitikarane og meiner at kommunereforma vil gi sterkare velferdskommunar.
Når det gjeld resultata frå folkeavstemmingane, seier kommunalministeren at det er lettare å mobilisere mot enn for og at han derfor ikkje er særleg overraska over resultata han har sett.
– Eg er kanskje litt overraska over at det er såpass låg oppslutning. Det er noko lokalpolitikarane må vurdere. Dei har valt folkeavstemming, og så må ein vurdere korleis ein skal tolke resultatet, seier statsråden.
Sanner peikar også på at fleire kommunar no ser seg om etter nye løysingar etter å ha fått nei til det første alternativet. (©NPK)