Ny metode kan varsle om utbrot av lakselus

Nye metodar for vassanalysar gjer det mogleg for forskarar å oppdage lakselusutbrot og framande arter som er på veg.

Til no har artsmangfaldet i havet vorte undersøkt på teljetokt. No har forskarar ved Noregs arktiske universitet i Tromsø tatt i bruk nye analysemetodar ved hjelp av datamaskiner med enorm kapasitet. Desse kan gi svar på det same som teljinga, berre på kortare tid, skriv Klassekampen.

- Vi har prøvd å kartlegge sjukdommar i lakseoppdrett og har gjennomført forsøk i Troms. DNA frå lakselus fortel oss kor mykje lus det er i anlegget, og teljing viser at vi treffer svært presist, seier forskar Kim Præbel til avisa.

I ein vassprøve kan ein òg leite etter andre sjukdommar, virus og parasittar oppdrettslaks blir ramma av, noko som betyr at ein tidleg kan oppdage problem som må behandlast, skriv Klassekampen.

Prøvane kan òg vise kva for arter som har vore i området, og i eit vassdrag kan til dømes prøvane vise korleis næringsgrunnlaget er.

(©NPK)

Ny teknologi gjer det blant anna mogleg å finne ut på kort tid om det er lakselus i eit oppdrettsanlegg. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix.