Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Ritzau): Den danske fotballstorleiken Brøndby fekk tysdag tre millionar kroner frå hovudaksjonæren i klubben, Jan Bech Andersen.
npk@npk.no
Publisert: 27.09.2016 kl 13:24
Pengane er øyremerkte eit digitalt system som skal forbetre utbyttet av treningane til klubben, opplyser Brøndby i ei børsmelding.
– Med Inmotio-systemet kan vi nøye overvake belastninga kvar enkelt spelar har i trening. Vi kan sjå nøyaktig kor mykje dei spring og kor hardt dei blir belasta, seier sjefanalytikar Mounir Akhiat.
Brøndby har hatt systemet på prøve den siste tida.
Det er ikkje første gong at Jan Bech Andersen gir ei gåve til den danske storklubben. Tidlegare hjelpte han blant anna med pengane som skulle til for å hente Daniel Agger heim frå Liverpool. (©NPK)