Ny rekord i talet på koronainnlagde på Ahus

Torsdag sette Ahus rekord med heile 70 innlagde koronapasientar. Pasientar heilt ned i 30-åra får intensivbehandling.

Dei fleste pasientane er mellom 50 og 70 år, opplyser avdelingssjef på infeksjonsmedisin Jan Erik Berdal på Akershus universitetssjukehus til Romerikes Blad.

– Men vi har òg innlagde pasientar under 29 år, og nokon mellom 30 og 39. Også elles friske covid-pasientar under 40 år har vore alvorleg sjuke og med behov for respirator, seier han.

Fredag var 66 pasientar med covid-19 innlagt på Ahus. Same dag vart nok eit dødsfall ved sjukehuset kjent. I alt har Ahus hatt 51 koronadødsfall, ifølgje avisa.

(©NPK)

Torsdag sette Ahus ny rekord i talet på koronainnleggingar, opplyser sjukehuset. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB