Ny søknadsrunde i omstillingsordninga

Som opplyst tidlegare denne månaden, har regjeringa utvida omstillingsordninga med 850 millionar kroner. No opnar ein ny søknadsrunde.

No kan fleire bedrifter innanfor reiselivs-, event- og serveringsnæringane søkje om støtte til omstillingsprosjekt.

Ordninga skal hjelpe bedriftene til å tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i marknaden som følgje av pandemien og bidra til å styrkje konkurranseevna til bedriftene når smitteverntiltaka blir reduserte.

I denne runden vil regjeringa òg prioritere prosjekt som bidreg til grøn omstilling og digitalisering av næringane.

– Desse pengane handlar om å behalde arbeidsplassane til folk, og eg håpar at det skal gi bedriftene ei nødvendig handsrekking for å klare seg over den siste kneika. Vi skal framleis halde tempoet oppe i det grøne skiftet, for arbeidsplassane i framtida, for norsk økonomi og for kloden, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Sidan mars 2020 har Stortinget løyvd over 1,5 milliardar kroner til ordninga. 668 millionar kroner er så langt delt ut til 685 bedrifter. I denne runden er det sett av 850 millionar kroner, og Innovasjon Noreg vil opne for søknader 19. mai.

(©NPK)

Næringsminister Iselin Nybø (V) legg 850 nye millionar på bordet i omstillingsordninga. Bedrifter innan reiselivs-, event- og serveringsnæringane kan søke om støtte fra 19. mai.
Foto: Lise Åserud / NTB