Annonse

Ny spenning mellom Sverige og Kina over fengsla svensk-kinesisk forleggjar

Kina truar med å stengje grensa for den svenske kulturministeren dersom regjeringa deltar i ein prisseremoni for ein fengsla svensk-kinesisk forleggjar.

Statsminister Stefan Löfven gjer det likevel klart at kulturminister Amanda Lind vil dele ut prisen som den svenske PEN-klubben har tildelt forleggjaren Gui Minhai, som er fengsla i Kina.

Statsministeren vel dermed å oversjå den klare åtvaringa frå Kina, som den kinesiske ambassadøren i Stockholm, Gui Conyou, har framført. Han truar med at det vil få følgjer for Sverige dersom ein høgt rangert svensk politikar leier eller deltar på seremonien.

Kultur- og demokratiminister Lind avviser òg bestemt den kinesiske trusselen.

- Vi har gjort det klart overfor kinesarane at Gui Minhai må setjast fri, og at det er ytringsfridom i Sverige, seier ho til nyheitsbyrået TT.

Den kinesiske ambassadøren vil ikkje utdjupe kva trusselen inneber, men ho vil i det minste bli erklært uønskt i Kina.

Denne saka har versert mellom Kina og Sverige i lengre tid. Gui Minhai er svensk statsborgar av kinesisk opphav. I 2012 starta han eit forlag i Hongkong som gir ut bøker som det kinesiske kommunistpartiet har erklært forbode.

Han er fengsla for å ha avslørt kinesiske statsløyndommar. Dottera hans bur i Sverige og kjempar for å få faren fri. Nyleg fekk han Tucholsky-prisen av svenske PEN.

Den kinesiske ambassaden i Stockholm er usedvanleg aktive i denne saka. SVT Nyheter fortel at ambassadøren har vorte kalla inn til samtalar i det svenske utanriksdepartementet minst 40 gonger sidan han tiltredde i slutten av 2017.

Departementet vil ikkje avsløre kva desse samtalane har dreidd seg om, men det er ei utbreidd oppfatning at den fengsla Minhai og klager på svenske medium er ein gjengangar.

(©NPK)