Ny tannbehandling skal redusere karies

Helsedirektoratets nye retningslinjer for tannhelsetenester til dei under 20 år inkluderer systematisk bruk av ein kjent metode som ikkje har vore mykje brukt.

Ifølgje Aftenposten vil bruken av såkalla fissurforsegling vere så effektiv når den blir fasa inn dei neste seks til åtte åra at den på sikt vil redusere behovet for tannlegar.

Fissurer er furer og groper på tyggeflata i jekselen, og når desse blir forsegla med ein plastlakk, stenger ein tilgjenget for bakteriar og sukker som kan gi hol i tennene. Det tar ifølgje avisa rundt sju minutt å forsegle fissurer, og behandlinga varer i fleire år.

Sjølv om metoden har vore kjent sidan 1980-talet og karies er eit stort problem i Noreg, har ikkje metoden vore systematisk brukt før. Tal frå 2017 viser at 29 prosent av 18-åringane hadde karies eller fyllingar i fem eller fleire tenner.

No inkluderer Helsedirektoratets nye retningslinjer for tannhelsetenester til barn og unge frå 0-20 år fissurforsegling hos tannlegar og tannpleiarar.

- Fissurforsegling er i dag relativt lite utbreidd og bør bli nytta i større omfang, seier Ragnhild Elin Nordengen i Helsedirektoratet, som er prosjektleiar for retningslinjearbeidet.

Anbefalinga er at 30 til 40 prosent av barn og ungdom i Noreg får fissurforsegling som førebyggjande tiltak.

(©NPK)

Ifølgje Aftenposten vil bruken av såkalla fissurforsegling vere så effektiv når den blir fasa inn dei neste seks til åtte åra at den på sikt vil redusere behovet for tannlegar. Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix