Annonse

Ny Uefa-protokoll: Strengt testregime, desinfisering av bussar og hotellisolasjon

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) la onsdag fram ein 31 sider lang protokoll for å unngå koronasmitte når europacupane blir sparka i gang att.

Annonse

Allereie frå onsdag er ein i gang igjen med åttedelsfinalane i Europaligaen, og det skal spelast europacupfotball nesten kvar dag dei neste tre vekene. Frå og med kvartfinalane skal Meisterligaen spelast som ei miniturnering i Lisboa, medan Europaligaen skal fullførast i Tyskland.

Ettersom koronaviruset framleis herjar rundt om i Europa, har Uefa utarbeidd ein detaljert og omfattande protokoll for korleis spelarar, støtteapparat og alle andre involverte skal bidra for å unngå smitte framover.

Blant det mest sentrale er at spelarar, støtteapparat og dommarar skal testast for koronaviruset både før dei forlèt heimlanda sine og dagen før kamp. Det vil bli utnemnt ein medisinsk ansvarleg i kvart lag, og personar som får påvist smitte, skal isolerast frå resten av laget.

I samband med kampar må alle som går inn på arenaen, desinfisere hendene sine, bruke munnbind til kvar tid og halde to meters avstand der det er mogleg. Temperaturen på alle personar skal òg målast når dei kjem til stadion.

Utanfor kampaktivitet er det òg tydelege retningslinjer for kvar ein kan røre seg og kva ein kan gjere. Laga skal halde seg på kvart sitt hotell – helst utan andre gjester på hotellet – og ein får ikkje forlate hotellet utanom når det er i organiserte former eller i spesielle, tidlegare avtalte tilfelle.

Det er ikkje tillate å ha kontakt med personar utanfor gruppa ein skal halde seg til, som eit lag eller eit dommarteam.

Uefa har òg forventningar til dei tilsette på hotella som skal huse spelarar. Dei må mellom anna bruke munnbind og halde avstand, og det er òg innført reglar for gjennomføring av måltid og reingjering av rom og fellesareal.

Før ein reiser til stadion, skal spelarbussane grundig desinfiserast, og det blir òg tilrådd at bussjåførane blir testa for koronavirus.

Heile protokollen frå Uefa kan lesast her.

(©NPK)

Alle på stadion må bruke munnbind på kamp, med unntak av spelarane. Foto: Clive Brunskill / AP / NTB scanpix