Ny veg mellom Bergen og Os blir utnytta av råkøyrarar

Den nye motorvegen mellom Bergen og Os vart opna 31. oktober. No blir det spreidd videoar på nett som viser personar som råkøyrer på vegen.

Den nye vegstrekninga er den første motorvegen i Vestland fylke som har ei fartsgrense på 100 kilometer i timen, og den har ingen fotoboksar. Dei første råkøyrarane vart tekne av Utrykkingspolitiet berre timar etter at vegen opna.

Ifølgje NRK blir det no spreidd videoar på Tiktok av personar som køyrer i over 280 kilometer i timen på vegen, og ein video som truleg er frå Lyshorntunnelen mellom Os og Bergen, viser ein bil i 264 kilometer i timen.

– Ekstreme hastigheiter som dette er fullstendig uakseptable. Dei som køyrer slik, set ikkje berre sitt eige liv i fare, men også andre trafikantar blir utsette for utruleg stor risiko, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Ho meiner at hyppige kontrollar og dessutan oppsett av fotoboksar må til for å setje ein stoppar for råkøyringa.

Rune Fimreite i nettpatruljen til politiet seier at dei er kjende med at det blir spreidd videoar med råkøyring i sosiale medium, og at dei alltid undersøkjer slike saker når dei får tips.

(©NPK)

Annonse