Annonse

Ny verdscupsiger til suverene Klæbo – den 61. i karrieren

Johannes Høsflot Klæbo viste konkurrentane ryggen og tok ein ny sterk verdscupsiger i sprint i Toblach fredag. Langrennsstjerna viste solid VM-form.

Annonse

Sigeren var trønderens 61. i verdscupen. Klæbo hadde selskap av Håvard Solås Taugbøl og Erik Valnes i finalen.

Taugbøl vart nummer to, medan italienske Federico Pellegrino og Valnes følgde deretter.

For VM-klare Taugbøl vart det drama i semifinalen. Han skadde seg etter å ha støytt saman med franske Valerio Grond etter målgang. Landslagssprintaren vart liggjande på snøen med smerter etterpå.

Lillehamringen reiste seg etter kvart, men hadde tydeleg vondt. I finalen kom han like fullt til start.

Jenssen imponerte

21-åringen Matz Willian Jenssen fekk det beste verdscupresultatet i karrieren fredag. Han sikra seg plass i semifinalen på kostnad av mellom anna Pål Golberg. Der vart han slått ut.

Det var berre Jenssens tredje start i verdscupen i karrieren. Dei to første fekk han på norsk jord før jul.

Landslagets Sindre Bjørnestad Skar klarte ikkje å sikre seg ein plass i VM-troppen. Fredag vart det semifinaleplass i Toblach, men der sa det stopp.

– Eg klarte berre aldri å finne posisjonen og vart surrande bak der. Ekstremt frustrerande. Eg kjende meg piggare og piggare og hadde ekstremt lyst til å vere i finalen, sa Skar til Viaplay.

Northug-nedtur

Even Northug har ikkje fått det til å stemme den siste tida. I Toblach følgde ein ny nedtur. Trønderen rauk ut i kvartfinalen, der han gjekk i heat med mellom anna Klæbo.

Tidleg exit vart det også for Pål Golberg og ein formsterk Harald Østberg Amundsen. Østberg Amundsen imponerte med ein sterk 12.-plass i prologen.

Golberg mista på si side høvet til å ta viktige poeng i verdscupen samanlagt. Der er han andremann bak Klæbo.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo vann i Toblach. Foto: Terje Pedersen / NTB