Annonse

Nye luft- og rakettangrep mot Gaza og det sørlege Israel

Trass meldingane om våpenkvile mellom Hamas og Israel måndag kveld, vart det gjennomført nye angrep tysdag morgon.

Israelske kampfly gjennomførte angrep mot 15 mål i morgontimane tysdag, opplyser ein talsperson for forsvaret. På same tid fortsette rakettangrepa frå Gaza mot det sørlege Israel, skriv Jerusalem Post.

Flyalarmen gjekk mellom anna i byen Sderot gjennom natta. Ifølgje avisa vart 30 rakettar skotne frå Gaza og inn i israelsk luftrom. Nokre vart stansa av rakettforsvaret Iron Dome, medan andre landa i ope lende. Verken menneske eller eigedom vart skadd, seier ein lokal talsperson.

Blant bombemåla i Gaza var militære installasjonar som tilhøyrer Hamas og gruppa Islamsk jihad.

Rakett- og luftangrepa fortsette altså etter at Hamas måndag hevda å ha inngått ein våpenkvileavtale med Israel. Avtalen vart forhandla fram med hjelp frå Egypt, ifølgje Hamas-talsmann Fawzi Barhoum.

Styresmaktene i Israel hadde måndag ikkje kommentert opplysningane.

Kontoret til Hamas-leiar Ismail Haniyeh vart angripen måndag, men gruppeleiinga hadde gått i dekning etter at det først var skote varselskot.

(©NPK)

Luftangrepa mot Gaza heldt fram tysdag, og det blei også skutt rakettar frå den palestinske enklaven mot Israel. Måndag kveld kunne ein sjå dette nedslaget frå kontoret til Hamas-leiar Ismail Haniyeh. Arkivfoto: Adel Hana / AP / NTB scanpix