Annonse

Nye omfattande straumbrot i Venezuela

Hovudstaden Caracas og fleire delstatar i Venezuela vart måndag ramma av nye straumbrot. For to veker sidan vart store delar av landet sett ut av spel.

Annonse

TV-sendingar gjekk i svart, og det var forstyrringar i mobilsignala. Butikkeigarar drog raskt ned stengsla av frykt for plyndring.

Minst 8 av dei 23 delstatane i landet vart rørte, i tillegg til hovudstaden. Flyplassen utanfor Caracas var òg utan straum.

«Ikkje ein gong til» og «kor lenge blir det denne gongen» var nokre av reaksjonane frå fortvila venezuelanarar som har førre straumbrot friskt i minne. Den 7. mars forsvann straumen og var borte i ei veke. Kollektivtransporten braut saman, oljeproduksjonen fall, vassforsyninga svikta, og fleire menneske døydde på sjukehuset i landet.

President Nicolás Maduro omtalte straumbrotet på måndag som «eit angrep» på kraftforsyninga i landet. Maduro, som er under press både heime og ute - frå presidenten som er peika ut av opposisjonsleiaren Juan Guaidó og frå USA og 50 andre land som støttar Guaidó - la skulda for førre straumbrot på USA. Han meinte eit amerikansk nettangrep låg bak og skulda Guaidó for å vere ute etter å sabotere infrastrukturen i landet.

Observatørar sa den gongen at sjølv om eit amerikansk angrep var mogleg, var det lite truleg. Dei trekte i staden fram meir nærliggjande forklaringar som for små investeringar, korrupsjon og dårleg vedlikehald.

(©NPK)

Berre to veker etter eit omfattande straumbrot i Venezuela, gjekk straumen på nytt fleire stader i landet måndag. Foto: Fernando Llano / AP / NTB scanpix