Annonse

Nye redningshelikopter blir sett i endeleg drift tysdag

Oppgåva med å plukke ut Sea Kings erstattar var ein av dei aller første sakene til Solberg-regjeringa hausten 2013. Tysdag overtek redningshelikoptera AW101.

Det har vore ein lang veg fram til markeringa på redningsbasen på Sola 1. september, der statsminister Erna Solberg (H), justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) vil delta i ein seremoni for å markere det som blir kalla ein milepæl for norsk redningsteneste.

Men det blir ingen brå overgang. Sea King skal gradvis fasast ut fram til midten av 2023 etter 47 års teneste, der dei siste helikoptera vart kjøpt inn i 1996.

Best i verda

Produsenten Leonardo, tidlegare AgustaWestland, frå Italia, er i alle fall superfornøgd, trass forseinkingar, og har skrytt av at den norske versjonen AW101-612 er «det beste redningshelikopteret i verda – med god margin».

– Dei nye redningshelikoptera vil ha langt betre rekkjevidd, større fart og betre evne til å operere i dårleg vêr enn Sea King-helikoptera i dag. Det betyr større tryggleik for folk på sjøen, langs kysten og i avsidesliggjande område over heile landet. Den norske redningstenesta vil derfor få eit betydeleg løft – både over hav og land, skriv i Justisdepartementet i ein e-post til NTB.

Seint ute

Eigentleg skulle alle 330-skvadronar hatt AW101 per no, men på grunn av forseinking etter forseinking er leveringa to og eit halvt år forseinka samanlikna med løftet til dåverande justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) i mars 2016.

– Vi kan erstatte dei aldrande Sea King-helikoptera med nye, topp moderne AW101 innan 2020, sa han etter at det første eksemplaret av AW101 i Noreg hadde hatt den første lufteturen sin.

Store utfordringar

I mai forklarte regjeringa i det reviderte statsbudsjettet kvifor det har teke sånn tid.

– Leverandøren har utfordringar med utvikling og sertifisering av dei nye redningshelikoptera, med etterfølgjande forseinkingar for Forsvarets innføringsprogram. Vidare har virusutbrotet forseinka framdrifta, sidan leverandøren er lokalisert i Nord-Italia og Storbritannia, og dessutan at smitteverntiltak har avgrensa Forsvarets bemanning i innføringsprogrammet for prosjektet, lydde forklaringa, ifølgje Teknisk Ukeblad.

(©NPK)

Tysdag blir driftsstarten for AW101 på redningshelikopterbasen på Sola markert. Helikopterbasen er hovudbasen for 330-skvadronen, og den har ein sentral funksjon for dei nye helikoptera. Arkivfoto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det var dramatisk då det første nye redningshelikopteret til 330-skvadronen velta i november 2017. Her ligg det på sida med øydelagt hovudrotor på Sola flystasjon etter at det velta under testing, såkalla bakkekøyring. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix