Nye salmonellatilfelle ved veterinærhøgskulen

Hestar kan verken forlate eller komme inn til hesteklinikken ved NMBU Veterinærhøgskolen etter at det oppdaga eit nytt salmonellautbrot der.

NMBU Hesteklinikken skriv på nettsidene sine at klinikken vart bandlagt av Mattilsynet torsdag.

- Alle smittevernrutinar er følgde. Vi veit ikkje kor smitten kjem frå, og vil ikkje få vite det før over helga. Vi får då svar på om dette er den same stammen og same klon av salmonella som vi har hatt tidlegare, eller om det er ein annan. Dette er ein veldig trist og vanskeleg situasjon, skriv Veterinærhøgskolen på nettsidene sine.

I fjor vart fleire hestar ståande ved hesteklinikken i fleire månader på grunn av eit salmonella-utbrot, og i april vart han opna etter eit langvarig utbrot, skriv Nationen.

Ifølgje avisa reagerer hesteeigarar på Veterinærhøgskolens handtering utbrota.

Veterinærhøgskolen presiserer at klinikken har hatt eit veldig strengt overvakingsprogram etter dei førre utbrota, med regelmessig prøvetaking etter opninga i april.

Salmonellabakterien kan finnast både hos dyr og menneske, og førekomsten er normalt svært låg i norske husdyr og norskproduserte næringsmiddel, samanlikna med dei fleste andre land i Europa. Det er derfor forholdsvis sjeldan med smitte i Noreg. Salmonellasmitte frå hest til menneske er lite dokumenterte, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Dei siste ti åra har det kvart år vore meldt om mellom drygt 900 til 1.400 sjukdomstilfelle hos menneske av salmonellose til Folkehelseinstituttet. Dei fleste er smitta i utlandet, i hovudsak gjennom mat. Hittil i år er det meldt inn 773, som er noko høgare enn normalen for dei siste åra.

(©NPK)

NMBU Hesteklinikken skriv på sine nettsider at klinikken blei bandlagt av Mattilsynet torsdag. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / SCANPIX