Annonse

Nye tips fører ikkje til ny Orderud-etterforsking

Dokumentarserien om trippeldrapet på Orderud gard gav politiet mange nye tips, men fører ikkje til at politiet ønsker å starte ny etterforsking av saka

Politiadvokat Andreas Lund i Aust politidistrikt seier til P4 at dokumentarserien om drapa, som vart sendt på NRK i fjor haust, førte til mange nye tips, men at det ikkje er nok til at politiet ønsker å gå vidare med saka.

- Det er ting som kan undersøkjast, men for at politiet skal gå inn og ta opp att saka, bør det komme inn noko heilt konkret som vi meiner kan bety mykje for spørsmåla som framleis er opne, seier Lund.

Privatetterforskar Tore Sandberg sende sist sommar inn eit kravsmål om gjenopptaking av saka til Gjenopptakingskommisjonen, og Lund seier at politiet samarbeider tett med kommisjonen.

- Vi formidlar vidare ting som kan sjåast på av kommisjonen, og dei tek kontakt for bistand av oss for å gå ting etter, seier han.

Ifølgje P4 håper Gjenopptakingskommisjonen på ei avgjerd om saka til neste år.

Per og Veronica Orderud vart i 2002 dømde til 21 års fengsel for medverknad til drapa, men har begge nekta straffskuld. Lars Grønnerød vart dømd til 18 års fengsel, mens Kristin Kirkemo vart dømd til 16 års fengsel etter ankebehandling i lagmannsretten same år. Ingen er dømde for sjølve drapshandlinga.

(©NPK)

Per og Veronica Orderud meiner det er nye bevis i Orderud-saka og kravde av den grunn gjenopptaking av drapssaka i sommar. TV-serien om trippeldramaet har ført til mange nye tips til politiet, som ikkje kjem til å starte ny etterforsking.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix