Annonse

Nyheitsbyrå: 17 arresterte i Iran for CIA-spionasje

17 personar er arresterte i Iran, skulda for å vere etterretningsagentar for amerikanske CIA, ifølgje det iranske nyheitsbyrået Fars.

Statleg iransk TV har sitert etterretningsdepartementet i Iran på påstandane, melder Reuters. Ein tenestemann i departementet seier ifølgje Fars at enkelte av dei som er arresterte, er dømde til døden.

I juni hevda Iran å ha avslørt og avvikla eit amerikansk spionnettverk.

(©NPK)