Møre

Møre

Elias Moe om at Mylna i Volda vert Économusée:

– Dette er veldig kjekt og positivt!

Volda Elektriske Mylne fekk ein «plakett for godt bevaringsarbeid» av Norsk kulturminnefond i høve opninga av Mylna Économusée. Her er mylnar Thomas Moe og dagleg leiar Elias Moe. Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy

Mylna er no det første økonomuseet i fylket. Dette kan få store ringverknadar på turismen og kulturutviklinga i Volda.

Møre
Møre

Publisert:

Eit Économusée, eller økonomuseum er eit levande visingssenter der handverksbedrifter syner fram produksjonen sin for besøkjande. Torsdag var det opning av Mylna Économusée, som er det 13. av sitt slag i Noreg. Det var talar, omvising, servering av graut kokt på mylnemjøl, og offisiell opning med klipping av snor.

– Mylna har no i enda større grad blitt eit visingssenter som skal drive med formidling til skuleklasser, turistar og oss vanlege folk, slik at enda fleire kan sjå og oppleve dette viktige handverket. Arbeidet som vert gjort her er av stor tyding for vidareføring av gamle handverkstradisjonar, sa leiar for kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Nerås Krogsæter, då ho opna Mylna Économusée.

Marit Nerås Krogsæter, leiar for kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, stod for opninga av Mylnå Économusée torsdag. Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy

Internasjonalt nettverk

Mølledrift er ein utryddingstrua kulturarv, og Volda elektriske Mylne er den einaste av sitt slag i landet. Mylna har røter tilbake til 1869, og no er det Elias Moe og borna Thomas og Janne som fører vidare mylnetradisjonane i Volda. Ideen om å verte Économusée kom frå arkitekt Roald Sporstøl i 2010 som hadde vore i Canada der det heile starta og sett korleis det fungerte.

– I 2012 tok eg og dottera mi, Janne, ein tur til Canada for å besøkje ulike stadar med Économusée. Dette er ein god måte å halde i live og formidle gamalt handverk. Vi vart bitne av basillen og meir spent på å få til dette her i Volda, seier Moe.

Sju år etter vert Mylna no ein del av eit internasjonalt nettverk med andre handverksbedrifter i same gate.

Med ei 80 år gammal sjeldan bygdemylne produserer Mylna mjøl frå fleire ulike kornslag, der dei fleste har spela ei sentral rolle i det norske kosthaldet frå langt tilbake i tid. Det ligg òg stort potensial til å male nye og ukjende råvarer med dei store kvernsteinane, og dei siste åra har Mylna arbeidd for å få godkjent nye produkt, som chagasopp-pulver frå bjørketre.

Auka turisme

Économusée finst no frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Kari Clausen i Norges Vel helsa Mylna under opninga og fortalde kva rolle Mylna no har for utvikling av lokalsamfunnet.

– I tillegg til å vere ei handverksbedrift, vert de også ein turistdestinasjon, vertsskap for besøkjande, guidar og kulturformidlarar. Vår erfaring er at mange er interesserte i gamle mat- og handverkstradisjonar, og dei tolv andre musea kan vise til ei auke i besøkstalet sitt etter at dei fekk status som Économusée. Når ein vert ein kulturturistdestinasjon, skapar det ringverknadar på besøk, overnatting og servering i lokalsamfunnet, seier ho, og oppmodar næringslivet om å bruke Mylna når dei visar fram Volda.

Mange eldre handverksbedrifter har lagt ned eller flagga ut i løpet av dei siste tiåra.

– Det er viktig å halde oppe kunnskap her i Noreg, og Mylna har no ei viktig oppgåve med å overføre kunnskap til yngre generasjonar. Moe har sleppt til yngre krefter, noko som er eit godt teikn for vidare drift, seier Clausen.

Lovar å bevare Mylna

Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda gratulerte Mylna med utmerkinga.

– For oss er det viktig at Volda som studiestad har gode møtestadar. Mylna har vore ein særprega spesiell møtestad for både tilsette og studentar. Studieretninga Matkultur og helse har ved fleire høve hatt studieturar hit, der studentane har studert handverket og måla korn. Det er ei glede at alle kan oppleve denne formidlinga no som Mylna er blitt Économusée, og det blir spennande å sjå korleis Mylna utviklar seg vidare, seier ho.

Ordførar Jørgen Amdam sa nokre ord på vegner av Volda kommune.

– Ei utfordring framover er å kunne bevare og utvikle Mylna på ein slik måte at det kan gje god næring vidare. Ei sterk utbygging av dette området er under planlegging, og vil verte eitt av dei mest sentrale stadane i Volda sentrum dersom vi får det slik vi håpar. Eg vil gje Elias Moe ei tryggleik om at vi i desse planane ynskjer å bevare Mylna.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...