Møre

Møre

Ekte skiglede i romjula

Familien Holmin: Johanne, Luna (2), Einar og Mina (10), har reist ifrå Bærum for å feire jul med besteforeldra i Volda.

Volda skisenter kan melde om fantastiske forhold og høge besøkstal. Onsdag hadde fleire lokale og tilreisande teke turen.

Møre
Møre

Publisert:

Onsdag vakna Volda opp til eit skoddelagt sentrum, og skodda gav seg slett ikkje utover dagen. Ved Volda skisenter derimot, var forholda noko heilt anna. I det ein køyrde forbi Bratteberg og mot Krøvelseidet, skein sola og himmelen var klar og blå. Fleire hadde teke turen til Volda skisenter 3. juledag for å nyte dei knallfine forholda i slalåmbakken.

– Står så ofte vi kan!

Skihengarane vart plukka ein etter ein, og store og små fekk testa skiutstyret sitt denne finvêrsdagen. Venninnegjengen Yvonne, Birte, Tiril Anna og Ingeborg har nettopp kome ned frå ei runde i skitrekket. Dei fire 12-åringane har alle sesongkort ved Volda skisenter og står på brett.

– Vi har stått i sånn to år, og det er veldig kjekt, seier dei.

– Kva som er så kjekt med brettkøyring, då?

– Det er veldig kjekt å svinge og køyre i laussnøen. Og så er det godt ein slepp å miste brettet slik ein gjer når ein dett på ski, seier Tiril Anna.

– Det er ikkje så kjekt å tryne i laussnøen, då. Eg datt rett på ansiktet i stad, og det var kaldt!, seier Birte.

Jentene gjer seg klare for ei ny runde i løypa, og idet kjem kameratane Yngve og Daniel glidande på brett og slalåm. Dei er klare for dagens første tur.

– Vi står så ofte vi kan, og var her i går også. Då var det mykje laussnø, og vi håpar det er like fint i dag, seier dei og skundar seg bort til trekket.

Første gong

Like ved det gamle barnetrekket, står ei lita jente klar med brettet godt festa på beina. Luna Holmin er berre 2 år, men ein skal tidleg krøkast som god brettkøyrar skal bli! Far Einar fører Luna forsiktig nedover bakken, og storesyster Mina (10) følgjer spent med.

– Det er første gong vi begge står på brett, og det er hittil veldig gøy, seier Mina som har lånt mor Johanne sitt brett for høvet.

– Det er litt vanskeleg, for brettet er litt stort. Eg håpar å få mitt eige brett snart, held ho fram.

Familien har reist heilt ifrå Bærum for å feire jul saman med besteforeldra i Volda. Dei tek ofte ein tur innom Volda skisenter når dei er i området.

– Eg har stått på ski her fleire gongar, men det er Luna sin første gong i skibakken, seier Mina.

Ved familietrekket susar voldingen Aksel Riise (5) elegant over eit lite hopp i hinderløypa.

– Han starta med slalåm i fjor, og til no har han køyrt med sele. Men i dag er selen av, og då ville han gjerne prøve å hoppe, seier faren Erik Marius som følgjer stolt med.

Mykje bilar
Nede ved parkeringsplassen står den trufaste parkeringsvakta Øystein Bakke. Bilane kjem ein etter ein, sjåførane helsar blidt og Øystein sjølv er i strålande humør.

– Det har til no vore ein kjempesesong for parkeringa her oppe, seier han, og held fram at det er godt over hundre bilar på parkeringsplassen i dag.

– Det fleste kjem i rushtida rundt halv 12, og då er det nok å gjere.
Øystein har vore fast parkeringsvakt ved Volda skisenter sidan NM i alpin i 1981. No står han vakt dei fleste dagar gjennom heile skisesongen.

– Er det ikkje litt kaldt å stå her ute heile dagen?
– Jau, litt, men eg tek nokre pausar innimellom. Eg synest det er veldig kjekt, og eg møter mykje kjekke folk som betalar med glede, seier han med eit smil.

– Draumestart

Volda skisenter har vore ope sidan 21. november, og sidan då har dei berre halde stengt i tre dagar.
– Til no har det vore ein fantastisk sesong, og vi nærmar oss besøkstalet til ein vanleg sesong allereie. Det har vore ein draumestart og perfekt feiring av 50-års jubileet til skisenteret, seier styreleiar Ivar-Otto Kristiansen.

Han hadde sjølv teke turen til Melshornet 3. juledag, og kunne melde om at det krydde av folk på langrenn.

No er det kome nok snø slik at heile langrennsløypa er trakka heilt opp til toppen av fjellet.

I romjula held skisenteret ope dei fleste dagar, frå 2. juledag til og med nyttårsaftan.

– Det er trass alt jul, og eg må skryte av folk som brukar ferien sin her som frivillige slik at andre får gleda av bakken. Alt vert gjort på dugnad, og uteteam, trakkarane, kiosk og Øystein som dag etter dag stiller som parkeringsvakt, gjer alle ein veldig flott innsats, seier Kristiansen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...