Møre

Møre

Akuttkirurgien ved Volda sjukehus:

Gjer ny vurdering av helgestenginga

Den akuttkirurgiske vaktordninga ved Volda sjukehus gjer at alle nye pasientar mellom klokka 16:00 fredag og 08:00 måndag vert sende til Ålesund sjukehus i staden. No skal ei arbeidsgruppe vurdere om denne ordninga skal endrast. Foto: Arkivfoto

Ei arbeidsgruppe sett saman av helseføretaket skal vurdere den akuttkirurgiske vaktordninga ved Volda sjukehus. I dag er det ikkje akuttkirurgisk vakt i helgane, og pasientar vert sende til Ålesund i staden.

Møre
Møre

Publisert:

Etter dagens akuttkirurgiske vaktordning ved Volda sjukehus, tek ein ikkje imot nye pasientar mellom klokka 16:00 fredag og 08:00 måndag. Dei vert i staden sende til Ålesund sjukehus.

Samstundes går der legar i beredskapsvakt for inneliggjande pasientar på sjukehuset.

Denne ordninga har fått til dels kraftig kritikk frå både befolkninga på Søre Sunnmøre, lokale og nasjonale politikarar, og tilsette ved sjukehuset.

No har Helse Møre og Romsdal sett saman ei arbeidsgruppe som skal vurdere denne ordninga på ny.

Går gjennom traumesystemet i heile fylket

Helse Møre og Romsdal er i gang med arbeidet med å revidere traumesystemet i fylket opp mot retningslinene i den nye nasjonale traumeplanen som kom i fjor.

Det er i samband med dette arbeidet at det er sett saman ei eiga arbeidsgruppe som skal sjå på «risiko, kvalitet og helsetilbodet på Sunnmøre med dagens ordning, og ved ei eventuell endring», melder Helse Møre og Romsdal på sin nettstad.

– I forbindelse med den nye utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal, så vert det gjort ein gjennomgang av traumesystemet i fylket. Vaktordninga ved Volda sjukehus vert også vurdert som ein del av dette arbeidet. Det vert gjort av ei breitt samansett gruppe beståande av tilsette frå Volda og Ålesund sjukehus, seier avdelingsleiar for kirurgiske legar i Helse Møre og Romsdal, Lars Martin Rekkedal.

Han skal leie arbeidet saman med klinikksjef for kirurgi, Anne Johanne Brandshaug.

– Viktig med ein open prosess

– I 2011 var sjukehuset gjennom eit generasjonsskifte som gjorde at der var marginal bemanning. Så det var ikkje berre økonomiske vurderingar som låg bak at denne vaktordninga kom på plass, fortel Rekkedal.

Den gongen var det ei full stenging av akuttkirurgien i helgane, men etter ei revidering i 2013 vart det sett inn beredskapsvakt for innlagde pasientar, medan alle nye pasientar vert sende til Ålesund.

– Det har vore mykje prat om denne ordninga, så når det no kjem ei ny vurdering, så er det viktig med ein open prosess rundt dette slik at befolkninga får vite kva som skjer. For fellesskapet har eit krav om forståing om kvifor ting blir gjort som dei blir, seier han.

– Økonomi er heilt klart eit moment i vurderingane, men hovudfokus vert på pasientane sitt beste og på å skape ein best mogleg pasientflyt i helseføretaket. Dette skal vurderast grundig for å skape ein tryggleik i det som skal danne grunnlag for den tilrådinga vi kjem med.

Kjem med ei tilråding før jul

Arbeidsgruppa sitt mandat er å greie ut og skissere ulike løysingar, med særleg vekt på styrker og svakheiter i dei ulike løysingane.

For alle alternativa skal ein vurdere kvalitet, økonomi, risiko for fag og pasientar.

Gruppa skal også sjå på utnyttinga av prehospital teneste i desse alternativa.

– Økonomi er heilt klart eit moment i vurderingane, men hovudfokus vert på pasientane sitt beste og på å skape ein best mogleg pasientflyt i helseføretaket. Dette skal vurderast grundig for å skape ein tryggleik i det som skal danne grunnlag for tilrådinga vi kjem med, seier Rekkedal.

Målsetjinga er at gruppa skal leggje fram resultatet av arbeidet for klinikksjef for kirurgi i månadsskiftet november/desember, og basert på utgreiinga skal klinikksjefen leggje fram ei sak for adm.dir. og leiargruppa i Helse Møre og Romsdal.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...