Møre

Møre

Godtek planlegging av fem etasjar i Storgata

Skisse som syner planlagt utbygging i Storgata 7–9. Det er planlagt opp mot 19 leilegheiter i bygget, samt lokale til næring på gateplan. Foto: Skisse frå søknaden

På vilkår av at Storgata vert forkøyrsveg og får redusert fartsgrense, er Formannskapet positive til at det kan startast opp arbeid med detaljregulering for Storgata 7 og 9.

Møre
Møre

Publisert:

Tysdag orienterte Tore Aarflot og Anders Aarflot Nupen formannskapet om planane dei har for eigedomen i Storgata. I tillegg til Tore Aarflot er Tonje Marie Nupen Aarflot eigar av eigedomen som dei ønskjer å utvikle. Utbyggjarane tok særleg føre seg fartsgrenser og sikttrekantar i sentrum, og konsekvensar dette ville få for deira utbygging. Fortrinnsvis ynskte dei at Storgata vert forkøyrsveg, med 30-sone.

Usemje om planavgrensing

Planleggjar Heidi Istad i Volda kommune heldt òg ei orientering til møtelyden. Istad fortalde at administrasjonen har vore positive til planane, men at det har vore ulike meiningar om planavgrensinga. Ho rådde politikarane til å be utbyggjar ta med vegarealet ned forbi Storgata 5 i sine planar, for å betre trafikkflyten i gata. Dette meiner utbyggjar er eit kommunalt ansvar.

Gunnar Strøm (SV) syntest presentasjonen var god.

– Det verkar som det er gjort godt arbeid så langt, og eg tykkjer det er flott at vi no byrjar å sjå resultatet av at det frå politisk hald er ynskje om at det skal bu fleire folk i sentrum, sa han.

Velkome innspel

Odd Harald Sundal (uavhengig) var samd i at det er gjort grundig arbeid i denne saka.

– Det skaper tillit til prosjektet. Dette kan gi enno meir bypreg i sentrum, og er det første konkrete innspelet der vi vert utfordra på etasjehøgd. Det er velkome, sa han. Sundal var elles oppteken av kommunikasjonen mellom utbyggjar og administrasjonen.

– Begge partar må føle at dei dreg i same retning. Ein må ikkje gi signal om at dette vert vanskeleg og ri kjepphestar. Det sender negative signal til dei som kjem etter. Vi må ha eit velsmurt system som fungerer, slo han fast.

Kva med fjordutsikta?

Benedikte Holmberg (V) tykte òg det var eit spennande og gjennomarbeidd skisseprosjekt som låg føre.

– Vi har sagt vi skal fortette i sentrum, og eg vil gjerne at folk skal bu der, sa ho, men poengterte at ein samstundes må ta vare på dei kvalitetane som gjer Volda spesiell.

– For meg er det kontakta med naturen; at ein kan sjå fjell og fjord kvar enn ein går. Vil vi framleis ha denne kontakta når Storgata er bygt ut? spurte ho, og bad politikarane ha i bakhovudet kva ein eventuelt ofrar ved å gi løyve til fem etasjes bygg i sentrum.

Fremja fellesframlegg

Odd A. Folkestad (FrP) var klar på at ein måtte gjere eit vedtak som gjorde at utbyggjar kunne kome i gang med vidare planlegging.

– Vi godtok for ikkje mange år sidan ein privat reguleringsplan for Holtegården, utan å påleggje dei noko utover eiga tomt, sa han, og presenterte følgjande fellesframlegg frå seg og Dan Bjørneset (H): «På vilkår av at Storgata, forbi Storgata 7 og 9, vert forkøyrsveg og får redusert fartsgrense, er Formannskapet positiv til at det kan startast opp arbeid med detaljregulering for Storgata 7 og 9 i medhald av plan- og bygningslova § 12–8. Planområdet vert som forslagsstillar viser i skissa si. Det skal leggjast vekt på medverknad i planprosessen og det skal inviterast til ope orienteringsmøte i samband med planoppstart. Når det gjeld det vidare arbeidet med detaljreguleringa og samarbeidet mellom forslagsstillar og administrasjon, vert det vist til formannskapsmøtet den 5. februar og politikarane sine signal og råd.»

Støtte frå KrF

Folkestad og Bjørneset fekk støtte frå Margrete Bjerkvik og Anders Straume i KrF, som begge var positive til planane. I tillegg var Odd Harald Sundal positiv til denne ordlyden. Ordførar Jørgen Amdam var ikkje like positiv:

– Det er ein vesentleg skilnad mellom dei to framlegga. Fellesframlegget gjer at det vert enno meir frimerkeregulering enn før, og det gir mindre høve til å sjå på vegløysinga, sa han.

– Der er fortau og langsgåande parkering i dag. Der er ikkje noko meir å gå på no. Det er fysisk umogleg å gjere noko anna enn å ta vekk parkeringsplassane, og det vil vere dumt, svarte Bjørneset, som ikkje såg at det skulle bli trafikale problem i denne delen av Storgata no som det vert arbeidd med å setje ned fartsgrensa der.

Samrøystes til slutt

Det vart halde prøverøysting før saka gjekk til endeleg røysting. I prøverøystinga vart det røysta alternativt mellom framlegget frå Folkestad og Bjørneset og tilrådinga frå administrasjonen. Framlegget frå Folkestad og Bjørneset fekk fem røyster, og tilrådinga frå administrasjonen fekk fire. Under endeleg røysting vart det røysta alternativt mellom tilrådinga frå administrasjonen og framlegget frå Folkestad og Bjørneset. Framlegget Folkestad og Bjørneset vart då samrøystes vedteke.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...