Møre

Møre

Kommunalminister Jan Tore Sanner:

- Imponert over Volda og Hornindal

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er imponert over framgangen i samanslåingsprosessen mellom Volda og Hornindal. Foto: Erling Olav Storegjerde

Kommunereformas «far», Jan Tore Sanner (H), er imponert over arbeidet Volda og Hornindal har gjort på vegen mot Nye Volda kommune.

Møre
Møre

Publisert:

-Eg tykkjer arbeidet dei to kommunane har gjort så langt er imponerande.

- Dei byrja slik som veldig mange andre, at ein hadde nabopraten litt her og der, men så har dei funne ei god løysing saman, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), då han tysdag vitja rådhuset i Volda for å snakke kommunereform med ordførarane i Volda og Hornindal.

Opplever energi og entusiasme for Nye Volda

- Det verkar som de har gjort unna mange av dei tunge vanskelege sakene, og då har de ein struktur på plass før ein byrjar på det spanande og nye i samanslåingsprosessen, meiner statsråden.

Han undra på om dei to kommunane no opplev at det å byggje ein ny kommune gjev energi og entusiasme hjå dei kommunetilsette.

– Har dei ei oppleving av at ein no kan skape noko nytt saman og gjere ting på ein litt anna måte? At ein kan lære av kvarandre, og ta det beste frå Volda og det beste frå Hornindal for å skape dei beste tenestene for innbyggjarane?, spør Sanner.

Rådmann i Volda, Rune Sjurgard, vert rådmann i Nye Volda kommune frå 2020, og han meiner å oppleve ein indre driv mellom dei tilsette.

– Samanslåingsprosessen gjev oss ei ny moglegheit, og når ting no har roa seg etter samanslåingsvedtaka, så jobbar dei to kommuneadministrasjonane godt saman med sikte på å få til ein best mogleg kommuneorganisasjon i Nye Volda, seier Sjurgard.

- Inga overrasking at det ikkje vart Volda og Ørsta

Sanner fekk høyre om erfaringane Jørgen Amdam (Ap) og Stig Olav Lødemel (H) har gjort på vegen frå naboprat til samanslåingsvedtak, på godt og vondt, og han fekk sjølvsagt spørsmålet om kva han tykkjer om at det ikkje vart Volda og Ørsta denne gongen heller.

- Eg las alltid Voldingen Erling Bø som skreiv med god penn i VG, og når eg las om kulturforskjellane mellom Volda og Ørsta så var det ikkje akkurat overraskande at det vart som det vart, sa Sanner til latter frå dei som sat rundt bordet.

Men sjølv om samarbeidet mellom Volda og Hornindal har vore godt så langt, og dei er komne relativt langt i samanslåingsprosessen, så er det eit problem som stadig dukkar opp og gjer arbeidet vanskeleg og tidkrevjande. Fylkesgrensa.

Fylkesgrense til frustrasjon

Samanslåinga mellom Volda og Hornindal kryssar fylkesgrensa, og den streken på kartet er også grense for ei lang rekkje statlege etatar, som til dømes helseføretak og vegvesen.

Det har ført til frustrasjon for samanslåingsprosessen, sjølv om dei to ordførarane har fått avklart at dei skal halde seg til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

– Vi har fått avklara kva fylkesmann vi skal jobbe med, men vi har likevel ca. 22 statlege etatar som har grense der, og mange av dei har sterke meiningar, så ting tek lang tid sjølv om vi har fylkesmannen til å hjelpe oss, seier ein litt oppgitt Jørgen Amdam til kommunalministeren.

Vil hjelpe Volda og Hornindal med særskilde utfordringar

Begge ordførarane nemner fylkesgrensa, og etatsgrensene som den største utfordringa i arbeidet med å gjere Volda og Hornindal kommunar til ein. Er det noko du og departementet kan gjere for å hjelpe dei?

- Det er nokre særskilde utfordringar mellom Volda og Hornindal og det vil vi hjelpe dei med, seier Sanner.

- Staten har jo organisert seg på ein ganske komplisert måte, og vi har varsla at Stortinget at vi vil sjå på denne organiseringa i neste periode. No har vi jobba med kommunestrukturen og regionane, og så må vi sørgje for at staten vert betre organisert. I første omgang er det fylkesmannen som skal forsøke å få dette til, men ordførarane veit at dersom dei treng det, så kan dei kontakte meg, seier Sanner til Møre.

Skal sjå på organiseringa av statlege etatar

Hadde det vore betre å byrja med å omorganisere dei statlege etatane for så å sjå på kommune og regionstrukturen etterpå?

- Alt heng saman med alt, men ein må byrje ein stad, og kommunereforma var overmoden, meiner statsråden.

- Vi har greidd å få 111 kommunar til å slå seg saman i løpet av 3 år. Det viser at heile reforma var overmoden. Det er fleire som er i gang med samanslåingsprosessar, og vi kjem til å få ein god kommunestruktur. Regionreforma er vedteken i Stortinget, og så skal vi sjå på organiseringa av dei statlege etatane. Og alt handlar om tenestene til innbyggjarane, det er det som er det viktige, seier Sanner.

Vil gje ro til kommunane

Kva vert no neste steg i kommunereforma? For de er vel ikkje ferdige?

- Eg synest det er viktig at vi gjev ro til dei kommunane som no har vore gjennom ei krevjande prosess og som byggjer nye kommunar. Ikkje minst dei kommunane som har teke avgjerda, og så må vi i neste periode diskutere om vi skal gå vidare, seier Sanner.

- Vi veit at det er mange kommunar som framleis diskuterer, og som meiner det er best å gå saman for å kunne gje dei gode tenestene til innbyggjarane, men eg meiner det no er viktig at dei som har gjort jobben får ro til å fullføre den, avsluttar Kommunalministeren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...