Annonse
Møre

Deltakarane UKM kunst:

– Kjekt å vise fram kva vi driv med

Det var mange som var innom kunstutstillinga.
 Foto: Ingvild Runde

Det var mange som var innom kunstutstillinga. Foto: Ingvild Runde

Lytt til teksten Stopp opplesingen

I år var det fire ungdommar som deltok i UKM kunst i Volda og Ørsta. To frå Ørsta og to frå Volda. Dei syntest det var stas å stille ut kunsten sin og treffe andre med same interesse.

Publisert:

Annonse

I foajeen ved Ørsta kulturhus var det offisiell opning av UKM si kunstutstilling søndag 17. mars. Fire ungdommar stilte ut kunst. Det var Lina Leren (20 år) frå Volda. Even Finnøy (17 år) frå Egset i Volda. Birgithe Kristine Runde (16 år) frå Åmdalen i Ørsta og Tor Eivind Follestad (17 år) frå Bondalen i Ørsta kommune.

Even og Birgithe var begge med i fjor, og gjekk vidare til fylkesfestivalen.

Spennande

Tor Eivind har tidlegare delteke på UKM som trommespelar. Han går ved musikklinja ved Volda vidaregåande skule, men driv også med teikning.

- Eg har alltid drive å teikna, men eg vart meir seriøst oppteken av det då eg gjekk på ungdomsskulen og det starta ein annan gut i klassa som også likte å teikne, fortel han.

På utstillinga deltok han med tre blyantteikningar og ei tusjteikning. Tor Eivind likar å teikne portrett både av personar han kjenner og karakterar på film.

- Korleis synest du det er å vere med her?

- Det er spennande. Dei andre er også veldig flinke, seier han.

Det var mange som var innom kunstutstillinga.
 Foto: Ingvild Runde

Det var mange som var innom kunstutstillinga. Foto: Ingvild Runde

Sosialt og inkluderande

Even er med på UKM for tredje gong.

- Eg er nesten vand med å vere med, smiler han.

Den fotoglade guten stile med tre bilde med titlane: «Fly i solnedgang», «Photoception» og «Struktur i natur».

Even er ekstra fascinert av å fotografere is. Han er sjølvlært.

- Eg har ikkje gått på fotokurs, men lært meg dei ulike funksjonane på kameraet ved å sjå på You Tube og prøve meg fram, fortel han.

- Kvifor likar du å delta på UKM?

- Det er sosialt og inkluderande og eg får treffe andre som driv med dei same tinga, svarer Even.

Even Finnøy frå Egset i Volda stilte ut tre fotografi.
 Foto: Ingvild Runde

Even Finnøy frå Egset i Volda stilte ut tre fotografi. Foto: Ingvild Runde

Akvarell og lykt

Birgithe Kristine Runde har likt å teikne heile livet. Interessa vart sterkare på slutten av barneskulen. Ho har gått eit år med kunst og teikning ved Ørsta kulturskule, og går no på linja for Kunst, arkitektur og design ved Volda vidaregåande skule.

Birgithe stilte ut ei lykt laga i papir og ein akvarell av storesystera hennar Mildrid Karoline Runde som 4–5 åring.

- Kvifor ville du vere med på UKM i år?

- Fordi det er kjekt å vise fram det ein driv med og for å treffe andre som har dei same interessene, seier Birgithe.

Birgithe Kristine Runde (16) frå Åmdalen i Ørsta stilte ut ein akvarell og ei lykt i papir.
 Foto: Ingvild Runde

Birgithe Kristine Runde (16) frå Åmdalen i Ørsta stilte ut ein akvarell og ei lykt i papir. Foto: Ingvild Runde

Lina Leren stilte ut eit bilde ho hadde kalla «Moder jord», laga i teknikken skravering og collage. Ho hadde ikkje høve til å vere til stades under utstillinga søndag.

Lina Leren (20) frå Volda stilte ut dette kunstverket som er ei blanding av skravering og collage. Ho var ikkje til stades under opninga av utstillinga.
 Foto: Ingvild Runde

Lina Leren (20) frå Volda stilte ut dette kunstverket som er ei blanding av skravering og collage. Ho var ikkje til stades under opninga av utstillinga. Foto: Ingvild Runde

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa:

Volda

Even Finnøy

Lina Leren

Ørsta

Tor Eivind Follestad

Birgithe Kristine Runde

I tillegg er Selma Lid og Benedikte Fagerhol Vartdal nominerte i kategorien media og Andre Hellebust og Mari Ims Lied nominert i kategorien arrangør. Når det gjeld media og arrangør, er det ikkje direkte vidaresending. Deltakarane vert valde ut ifrå grunngjeve nominasjonar frå lokalmønstringane.

blog comments powered by Disqus