Møre

Møre

Lagar mjøl av svart havre

Elias Moe (bak) og sonen Thomas Moe i full gang med pakking av mjøl. Foto: Liv Jorunn Nyhagen

Medan svart havre var mykje brukt i vårt område nokre hundre år tilbake i tid, er det nesten for ein sensasjon å rekne at Mylnå i Volda no har fått tak i eit parti av den særeigne kornsorten.

Møre
Møre

Publisert:

Elias Moe ved Mylnå har lenge vore på jakt etter svart havre, og slo til på flekken då han fekk tilbod om 3–4 storsekkar (2-3 tonn) frå Felleskjøpet på Kløfta.

– Denne ur-kornsorten vert ikkje dyrka her omkring lenger. Eg har prøvd å få tak i det i årevis, forklarer Moe.

Mjøl og havregryn

Medan moderne mølleanlegg ikkje kan nyttiggjere seg den svarte havren, er kornsorten midt i blinken for Mylnå i Volda. No har Moe laga både mjøl og havregryn av kornet. Sidan skal er sunt, har Moe latt skalet vere med i prosessen.

– Skalet inneheld mellom anna antioksidantar og fiber, fortel han. Møllaren er no spent på om den svarte havren inneheld meir eller mindre energi enn vanleg havre.

– Dei lærde stridast på dette området. Sjølv trur eg den inneheld mindre energi, då den inneheld mindre feitt, fortel han. For å få svar på dette spørsmålet, med fleire, skal Moe sende inn mjølprøver til analyse hos ein lab i Moss.

Einaste i landet?

Sidan svart havre er så sjeldan, må kundane rekne med å betale litt meir for mjølet enn det dei gjer for vanleg havre.

– Det er vanskeleg å få tak i, og det er mykje arbeid å male det, fortel Moe. Han trur Mylnå i Volda er einaste mylna i Noreg som lagar dette mjølet no, ja kanskje den einaste i Europa.

– Mjølet er laga på same måten som på dei gamle gardskvernene. Vi tørka havren og malte den på store kvernsteinar, forklarer han. Onsdag kveld testa Moe havregryna i ein graut, og torsdag åt han svarthavremjølsgraut til lunsj. Han går såleis god for kvaliteten.

– Ein kan sjå restar av skala i grauten, men ein merkar dei ikkje når ein et, fortel han. Havregryna er varma opp og tørka på platetørke, noko som gir dei ein litt anna smak enn vanlege havregryn.

Rik på fiber

Mylnå er merka med sjåverdigheit-skilt, og Moe meiner svarthavre-satsinga passar fint inn i konseptet. Han trur mjølet vil finne kjøparar i alle aldersgrupper.

– Mjølet vil høve bra både til graut og brøddeig. Det har høg fiberprosent, noko som er positivt. Folk får i seg for lite fiber no til dags, forklarer møllaren. Ifølgje Moe har svart havre godt over 25 prosent kostfiber, og skalet inneheld både feitt og protein.

– Det er skikkeleg fullkorn dette, og ved å male det på den måten vi har gjort så får ein fram heilskapen i kornet. Men for dei som har cøliaki må eg åtvare om at mjølet kan innehalde spor av gluten, seier han.

Håper på god haust

Mjølet vil hovudsakleg vere til sals hos Mylnå i Volda, men Moe vurderer å gjere det tilgjengeleg i enkelte andre butikkar også. No håper han på ein god sommar og haust, slik at det kanskje vert mogleg å produsere meir mjøl av svart havre neste år.

– Vi har eit godt forhold til kornlagera, men det vert produsert for lite korn i Noreg. Av og til kan det vere ei utfordring å skaffe nok, sjølv av dei vanlege kornslaga, forklarer han. Men per i dag har han i alle fall kring 400 kilo mjøl ståande klart, og ein del kartongar med havregryn.

– Svart havre er ikkje berre til dyrefôr, det høver også godt til folk, slår han fast.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...