Møre

Møre

– Lovpålagde oppgåver må kome først

– Alle avdelingar i kommunen har fått beskjed om å spare, sidan kommunen skal investere stort i åra som kjem. Då er det viktig at ein investerer rett, i det som er lovpålagt, seier FAU ved Volda ungdomsskule. Dei ynskjer seg eit nytt skulebygg. Foto: Skisse frå moglegheitsstudien

FAU ved Volda ungdomsskule ber politikarane prioritere ny ungdomsskule i Volda.

Møre
Møre

Publisert:

I dag møtest kommunestyret for å spikre budsjett 2019 og økonomiplan for dei neste fire åra. FAU ved Volda ungdomsskule, representert ved leiar Morten Ottesen og nestleiar Stefan N. Halck, er klar på at Volda treng ein ny ungdomsskule, og ikkje berre ei rehabilitering av det gamle bygget.

Mange usikkerheitsmoment

– Skule står høgt på lista over lovpålagde oppgåver. Det er viktig at det kommande budsjettet tek høgde for ein ny ungdomsskule, slik at ein sikrar framdrift i dette prosjektet, seier Ottesen. Han viser til at det er mange usikkerheitsmoment knytt til det eksisterande bygget, og peikar på at sjølv om ei rehabilitering ser rimelegast ut på papiret, så kan det raskt dukke opp uventa kostnadar undervegs.

– Kva er det til dømes som gjer at tidlegare friske ungdommar plutseleg vert sjuke når dei tek til på ungdomsskulen? Eller at kommunalt tilsette som er innom skulen på møter føler at dei vert tette i luftvegane medan dei oppheld seg i bygget, for så å kvikne til når dei går derifrå? spør han, og synest synd på elevane som kjem frå nye, fine Øyra skule og over i den gamle ungdomsskulen.

Treng avbøtande tiltak

– Vi må no gjere eit ordentleg grep og byggje ny skule. Det vil vere det beste for elevar og tilsette, seier Halck. Han minner samstundes om at det må gjerast tiltak på kort sikt, som sikrar eit godt innemiljø for elevane som er der i dag.

– Det har blitt gjort nokre målingar, og vi har vore i kontakt med eigedomsavdelinga og opplæringsavdelinga. Dei er klar over at det finst utfordringar i bygget. Det er uheldig at elevar opplever helseplager, og vi har ein konstruktiv dialog for å finne ut meir og få ein best mogleg prosess vidare, seier Halck, som meiner avbøtande tiltak er på sin plass i påvente av ny skule.

– Det er usikkert kva som skjuler seg i så gamle bygg. Dette bygget har gjort si teneste, og ei renovering vert aldri like bra som eit nytt bygg, slår han fast.

Best mogleg investering for framtida

Ottesen siterer opplæringslova, kapittel 9A, som seier «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.»

– Det er viktig at planlegginga no vert sett i gang, slik at flest mogleg får nyte godt av eit nytt bygg, seier han. Halck er samd:

– Vi må gjere ei best mogleg investering for framtida. Noverande konstruksjon legg avgrensingar, og kan gi auka driftskostnader. Vi må tenkje hensiktsmessig både når det gjeld drift og vedlikehald, poengterer han. Avslutningsvis ynskjer karane å kome med ei oppmoding til politikarane:

– Politikarane er gjerne opptekne av ettermælet sitt, og no har dei sjansen til å gjere noko som gagnar svært mange i det daglege. Med elevar, foreldre og tilsette vil 12–13 prosent av Volda si befolkning nyte godt av ein ny skule, og vi får friskare barn. Betre ettermæle enn det kan ein vel ikkje få?

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...