Lytt til næringslivet i valkampen
* Styret i Volda Næringsforum vil fortelje politikarane kva som er viktig for næringslivet før valet. Frå venstre: Line Kibsgaard Sjøhelle (Kib & Moritz), Frank Vatne (Tussa 24), styreformann Karl Eirik Rønnestad (Cubus), Eiliv Halkjelsvik (Volda Turisthotell) og dagleg leiar Stefan N. Halck.
- Det lokale næringslivet ynskjer å vidareutvikle Sjukehuset, Volda sentrum og samarbeidet med vidaregåande skular og Høgskulen, seier Stefan N. Halck.
Publisert: 04.09.2015 kl 11:54
Sist oppdatert: 04.09.2015 kl 12:40
Han er dagleg leiar ved Volda Næringsforum. Næringsforumet er partipolitisk uavhengig, men leiing og styre ynskjer på vegner av næringslivet, å fortelje politikarane kva saker næringslivet er opptekne av før lokalvalet.
Helse og utdanning
Medlemmane har gjeve klar tilbakemelding om at Sjukehuset i Volda er svært viktig for næringslivet.
– Vi har hatt ei spørjeundersøking der medlemmane våre fortel at å bevare og vidareutvikle tilbodet ved Sjukehuset er noko som dei ynskjer, fortel Stefan N. Halck. Næringslivet håper at også deira stemme vert høyrt av politikarane i valkampen og det er eit sterkt ynskje om å fortsette det gode samarbeidet med kommunen.
– Kunnskapssektoren er også viktig for det lokale næringslivet, både den vidaregåande skulen og Høgskulen. Kompetansen i dei ulike bedriftene er også viktig, seier han og minner om at Høgskulen genererer både arbeidsplassar og økonomi i Volda, slik som handel og utleige.
Volda sentrum
- Vidareutvikling av Volda sentrum gjer Volda meir attraktiv, skaper rekruttering og sosiale møteplassar, seier han og er glad for tilliten som næringslivet og kommunen har hatt til prosjektet «Mellom bygningane i Volda». Samfunnsutvikling, infrastruktur og tilgang på næringsareal er viktige rammevilkår for næringslivet.
– Kommuneplanar betyr mykje for dei som driv næring og kommunen må ta samfunnsansvaret og sjå heilskapen. På dette området har vi kompetanse å bidra med, seier Stefan N. Halck.
Kunnskapsbasert
-Sjølv om vi er partipolitisk uavhengig, er samarbeid med dei politiske partia viktig for å utvikle Volda. Vi ynskjer samarbeid basert på kunnskap. Næringsforumet kjenner Volda godt, vi kjenner næringslivet og utfordringar som Volda har, seier Halck og understrekar at dei bidreg gjerne med informasjon om næringssaker og ynskjer å vere ein ressurs.
– Vi vil samarbeide og dette skal ver kunnskapsbasert og skikkeleg, seier Stefan N. Halck.
– Det er få politiske parti som har teke kontakt for å diskutere saker. Vi har eit ynskje om at politikarar engasjerer seg i lag med næringslivet, vi har kunnskapen om kva som er råd å få gjort og representerer ei stemme frå djupet, seier styreleiar Karl Erik Rønnestad og understrekar til slutt kor viktig det er å ynskje nye aktørar velkomne til Volda.
Desse var ikkje til stades då biletet av Volda Næringsforum sitt styre vart teke: Torill Hasfjord Bjørneset (Volda handelsforeining), Mette Ryste (Sparebanken Møre), Roger Solheim (Sparebank 1 Søre Sunnmøre), Jan Henning Egset (Sunnmøre Studentsamskipnad), Jørn Kippersund (Innbokskontroll) og Kirsti Gjørvad (Scana Volda).