Møre

Møre

Formannskapet i Ørsta:

Nei til Bjørxit og ja til eit samla Søre

Formannskapet fryktar at Bjørxit vil gjere Ørsta kommune mindre attraktivt for framtidige kommunesamarbeid på Søre. Dei bed no om tid til å utvikle nye samarbeid før ei eventuell grensejustering på Bjørke/Viddal finn stad.

Eit samla formannskap er svært bekymra for at ei grensejustering av Bjørke og Viddal til Nye Volda vil medføre store vanskar for Ørsta kommune. I eit brev til kommunaldepartementet argumenterer dei for at Søre Sunnmøre no må samle seg som ei motvekt til ein ny og sterk Ålesundsregion.

Møre
Møre

Publisert:

Nyleg har representantar frå Ørsta kommune og Nye Volda vore i møte med Kommunal- og på Stortinget for å argumentere for sine syn i Bjørxit-saka. Fylkesmannen har rådd til at Bjørke og Viddal skal høyre til Volda kommune, noko Ørsta-politikarane, og no eit samla formannskap i Ørsta, er sterkt imot.

– Vi fryktar at Ørsta kommune vert mindre attraktiv om verdiane frå Bjørke vert overført til Volda, og bed difor innstendig om at departementet ikkje vedtek denne grensejusteringa, skriv eit samla formannskap til departementet på Stortinget.

Vidare argumenterer dei for ei større samanslåing av kommunane på Søre Sunnmøre, dersom ei grensejustering likevel finn stad.

– Vi tenkjer no større enn berre Ørsta og Volda. Vi ser at det i vårt fylke kjem til å verte fire sterke regionar, og at Søre Sunnmøre må samle seg som ei motvekt til ein ny og sterk Ålesundsregion.

Brevet er signert av ordførar Stein Kåre Aam (Sp), Karen Høydal (Ap), Jostein O. Mo (Ap) Hans Olav Myklebust (FrP), Paul Kristian Hovden (KrF), Gunnar Knutsen (V) og Synnøve Rekkedal Hill (Sp).

Ville slå saman Volda og Ørsta
Formannskapet peikar på at Ørsta kommune var ein aktiv deltakar i første fase av kommunereforma mellom Volda og Ørsta.

– Det vart tidleg klart at ei samanslåing med Volda var det beste og mest realistiske alternativet. Deretter vart det lagt ned eit betydeleg arbeid med å hente inn fakta, utarbeide intensjonsavtale, halde folkemøte og møte i forhandlingsnemnda, skriv formannskapet til kommunaldepartementet.

– I det politiske miljøet i Ørsta vart det opplevd som svært forstyrrande for samanslåingsprosessen med Volda, då Volda og Hornindal inngjekk intensjonsavtale om samanslåing, held formannskapet fram.

Denne avtalen vart inngått like i forkant av folkerøystinga om samanslåing av Ørsta og Volda, der 61,8 % av innbyggjarane i Ørsta og 68,9 % i Volda røysta nei. Ørsta kommunestyre følte seg forplikta til å følgje folkeviljen.

– Samanslåingsarbeidet mellom Volda og Hornindal har kome for langt til at det er føremålstenleg for Ørsta å trå inn i dette no. Leiar i fellesnemnda for Nye Volda kommune (Stig Olav Lødemel), har signalisert at dette ikkje vil vere aktuelt dei næraste åra av kapasitetsmessige årsaker, skriv formannskapet.

Fryktar at Ørsta vert mindre attraktiv
Formannskapet er bekymra for at den føreslegne grensejusteringa potensielt kan vanskeleggjere moglege framtidige kommunesamanslåingar for Ørsta kommune.

– For det første vil ei grensejustering føre til store økonomiske vanskar for Ørsta kommune. Vi har tidlegare dokumentert at kommunen vil få eit årleg inntektstap på 14–18 millionar kroner. Vi fryktar at Ørsta kommune vert mindre attraktiv om verdiane frå Bjørke vert overført til Volda kommune. Desse verdiane vil vere eit godt forhandlingskort for Ørsta, samanlikna med eit økonomisk uføre, skriv formannskapet og trekkjer fram fleire argument mot ei grensejustering:

– Innbyggjarane i Ørsta vil få eit dårlegare tenestetilbod. Dei store utviklings- og investeringsprosjekta, som kommunen no er inne i, vil verte sterkt skadelidande i tida fram til nye konstellasjonar kan verte realisert. Ei grensejustering vil utvilsamt medføre eit betydeleg meirarbeid for både Ørsta kommune og Volda kommune i overgangsfasen, for det må mellom anna gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom kommunane.

Formannskapet fryktar også for samarbeidet mellom Volda og Ørsta:
– Grensejusteringa inneber også ein risiko for konflikt mellom Ørsta kommune og nye Volda kommune, som på sikt kan føre til eit dårlegare samarbeidsklima.

Bed om tid til å finne nye kommunesamarbeid
Formannskapet i Ørsta kommune kan ikkje sjå at det ligg føre sterke nok grunnar til at omsynet til lokaldemokratiet og den lokale folkeviljen i dette tilfellet bør vike.

– Grensejusteringa gir ikkje færre kommunar eller nemneverdige administrative innsparingar. Vi kan heller ikkje sjå at den vil ha klare fordelar for innbyggjarane i området, noko som vert reflektert ved at fleirtalet ønskjer å fortsette å vere ein del av Ørsta kommune. Grensejusteringa vil, stikk i strid med det uttalte målet med kommunereforma, i ein overgangsfase, føre til eit betydeleg og unødig administrativt meirarbeid, meiner formannskapet.

Dei sju underteikna i formannskapet bed difor innstendig om at departementet ikkje vedtek denne grensejusteringa.

– Ørsta kommune ynskjer å ta del i kommunereforma på ein konstruktiv måte, samt å unngå ressursøydande tvistar med nye Volda. Men, vi treng tid til å gjennomføre gode prosessar lokalt, og bed om forståing for dette. Kommunane på Søre Sunnmøre har allereie formalisert ei rekkje samarbeidsprosjekt i regionen. Det er med utgangspunkt i dette samarbeidet Ørsta no ønskjer å arbeide vidare med nye kommunekonstellasjonar.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...