Møre

Møre

Volda sjukehus:

Opplever god rekruttering

Volda sjukehus har ei rekkje turnuslegar og ferievikarar på avdelingane i sommar. Svært mange av dei har lokal tilknyting. På biletet ser vi (f.v.) Fride Reite og Jarnfrid Folkestad. Foto: Privat

Volda sjukehus opplever god rekruttering etter avgjerda om at akuttkirurgien skal sikrast. – Dette vedtaket har skapt ro ved sjukehuset, og vi opplever god rekruttering, seier driftskoordinator Knut Nautvik.

Møre
Møre

Publisert:

– Vi fekk eit lyft då det vart avgjort at akuttkirurgien skal halde fram ved sjukehuset. Vi opplever at mange som har hatt deltidsstillingar no har tatt faste stillingar, og «gamle heltar» kjem attende til sjukehuset. No seinast byrja ein gastrokirurg som kom «heim» frå Ålesund sjukehus, fortalde Nautvik til kommunalminister Jan Tore Sanner og fleire lokale Høgre-politikarar under eit vitjing ved sjukehuset førre veke.

Tek inn flest turnuslegar i Helse Midt-Noreg

Assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal HF, Helge Ristesund, fortalde at i tillegg til den «heimvende» kirurgen, kjem det også snart to kirurgar til.

– I tillegg tek helseføretaket inn fleire turnuslegar enn nokon andre i Helse Midt-Noreg. Det merkast også ved Volda sjukehus, seier Ristesund.

Volda sjukehus opplever god rekruttering etter at det vart vedteke at akuttkirurgien held fram. Tidlegare tilsette har også byrja å «kome heim» ifølgje driftskoordinator Knut Nautvik. Foto: Arkivfoto

– Pasientane er svært nøgde med sjukehuset, og det ligg langt framme på område som til dømes ortopedi og indremedisin, seier Ristesund, og legg til:

– Dei einaste områda der Volda slit med rekrutteringa er lunge- og geriatri. Men det er dei same områda Ålesund og resten av landet også har problem med.

- Viktig å tenke tidleg rekruttering

Leiar ved medisinsk avdeling ved Volda sjukehus, Mona Ryste, meiner det er viktig å tenke tidleg rekruttering, og fokusere på dei unge legane og sjukepleiarane allereie tidleg i studia deira.

– Dette er viktig dersom ein skal lukkast. Vi tek sikte på å rekruttere lokale studentar frå Søre Sunnmøre til eit godt fagmiljø, og studentane får ta del i ulike prosedyrar, noko som gjev god moglegheit for utvikling for den enkelte, seier Ryste til Møre.

Ferievikar Siri Hareide (byrjar turnus 1. september), turnuslege Marcus Osdal, ferievikar Robin Olsen og Andreas Brautaset. Foto: Privat

– Vi har ein fast plan for undervisninga, ei stabil legegruppe som gjev tett oppfølging til turnuslegane og pleiarane. Vi må også ha gode, berekraftige vaktordningar, og det kan vere ei utfordring på små sjukehus, seier Ryste.

Rekrutteringsarena for kommunane

Under vitjinga kunne Ryste fortelje om eit svært godt samarbeid mellom Volda sjukehus og kommunane på Søre Sunnmøre.

Ho kunne glede kommunalministeren med at dette samarbeidet har ført til stor deltaking både frå sjukehuset og frå kommunane i lokale prosjekt.

– Enno ein positiv effekt med dette tette samarbeidet er at sjukehuset har vorte ein god rekrutteringsarena for kommunane. Mange turnuslegar kjem til sjukehuset og vert seinare rekrutterte ut i kommunane i området vårt. Då viktig at det er plass til dei der, elles reiser dei frå fylket, sa Ryste til kommunalministeren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...