Møre

Møre

Ein jentegjeng frå Volda om mobilbruk

- På ei veke er vi opp i 40 timar

Nathalie Sætre Brudevoll (13), Eva Klepsvik (14), Sedon Daniel (14), Birte Humberset Osdal (13) og Tirill Anna Sandnes Våge (13) brukar i gjennomsnitt 40 timar kvar på telefonen på ei veke.

Fem jenter frå Volda er heilt einige i at Snapchat er den mest populære appen. Og dette viser også statistikken for brukt tid på appar på telefonen deira. Opp i 14 timar hadde nokre av dei på appen Snapchat i løpet av ei veke, og 40 timar på mobilen generelt.

Møre
Møre

Publisert:

Allereie ved 10-årsalderen har om lag alle born tilgang til mobil, og over 90 prosent har smarttelefon frå 10–11 årsalderen. Dette har Medietilsynet kome fram til i ei undersøking.
Det er ingen hemmelegheit at ungdom brukar mykje tid framfor den vesle skjermen, og undersøkinga til Medietilsynet viser at om lag halvparten av dei spurde hadde brukt to timar eller meir dagen før undersøkinga. Deretter er det familie, vener og sosiale medium borna brukar mest tid på.
- Tid brukt på sosiale medium og mobil aukar fram til 16–17 årsalderen, samtidig vert tida ein brukar med familie og vener mindre med alderen, før den flata ut rundt 15-årsalderen. Gutar brukar meir tid på spel enn jenter, medan jenter ligg i toppen når det gjeld tidsbruk på sosiale medium og mobil, heiter det i undersøkingsresultata til Medietilsynet.

Seks timar per dag på telefonen
Ein jentegjeng frå Volda fortel at blant dei er Snapchat den desidert mest populære appen.
- Her kommuniserer vi, sender foto og vi kan sjå kor andre er på kartet, fortel Nathalie Sætre Brudevoll (13), Eva Klepsvik (14), Sedon Daniel (14), Birte Humberset Osdal (13) og Tirill Anna Sandnes Våge (13). – Vi har av og til høyrt frå foreldra våre at dei vil vi skal vere «spøkelse» på kartet (journ.merk.: det vil seie at du ser andre, men dei ser ikkje deg), men det har ikkje vi gjort. Då kan ein falle utanfor. Dersom to er i lag og ser at nummer tre er i nærleiken, spør ein om den personen vil henge. Men dersom du er eit «spøkelse» og kanskje også er i nærleiken, får ikkje du invitasjon om å vere med, for andre veit ikkje kvar du er.

Har fått nakenbilde
Nokre av jentene fekk telefon i 1.-klasse medan andre fekk den i 3. Snapchat har ei alderstilråding på 13 år, og nokre av dei fekk ikkje appen før den tid, medan andre fekk før.

– Har de opplevd noko ekkelt på Snapchat?
- Ja, fleire av oss har faktisk fått foto av menn sitt utstyr og blitt spurt om å sende foto av seg sjølv i retur. Men det har vi ikkje gjort. Når dette har skjedd har vi gitt beskjed til foreldra våre. For vi forstår at dette ikkje er greitt, seier dei fornuftige jentene som skjønnar alvoret i det.

– Korleis klarer dei å kome i kontakt med dykk?
- Vi har trudd det er folk frå klassa då dei kan ha hatt kallenamn som minner om gutenamn frå klassa eller andre vener, fortel dei. – Så har vi lagt dei til.

– Har de opplevd mobbing på nokre av appane?
- Ja, det har vi, men på Snapchat er ikkje det så enkelt å vite om nokon baksnakkar deg. Men på appen Yolo er det mykje mobbing. For der kan ein vere anonyme, forklarar dei. – Men det er også fine ting som vert sagt der.

– Er ikkje Facebook inn?

- Nei, det forstår vi oss ikkje på og Facebook er ikkje populært blant oss. Det er meir for dei litt eldre, dei som har vakse opp med det, seier dei og i den setninga føler mange seg plutseleg veldig gamle.

Om lag seks timar per dag
Det er ingen hemmelegheit at ungdom brukar telefonen sin til tider og utider. Dette viser statistikken på telefonen til jentene.
- Vi får ikkje ha telefon på skulen, så det er på ettermiddagen og kvelden vi brukar den, forklarar dei.
Jentene går inn og ser kva dei har i gjennomsnitt på ein dag. Fleire av dei har opp i mot seks timar per dag i gjennomsnitt på den siste veka. Det vil seie at dei brukar i overkant av 40 timar på telefonen i veka. Ei av dei har til dømes brukt 14 timar på Snapchat og ei har brukt 11 timar på Instagram. Ei anna har mest tid på YouTube.

– Er det ikkje litt dumt at det meste av kommunikasjon skjer på telefonen?
- Jau, det er det. Men vi heng i lag også. Men det er ikkje så ofte vi er på besøk med kvarandre lenger. Vi heng meir i lag i gata.

– Kvifor går ikkje de på besøk til kvarandre lenger?
- For vi er så mange. Så det er ikkje så mange som orkar å ha huset fullt. Og dersom ein inviterer nokre, så kan det føre til at andre føler seg ekskluderte, og då får gjerne den som har invitert inn all skulda, for det er i deira hus. Difor er ein sjeldnare heime hjå kvarandre, forklarar dei.

Avhengige av telefonen
Jentene er einige i at dei er avhengige av telefonen sin.
- Her ein dag var Snapchat nede og då fekk vi panikk. Og vi merkar at det er telefonen ein trykkjer på når ein kjedar seg, og ein trykkjer på den berre for å trykkje på den. Så ein kan seie vi er avhengige, ler dei.

– Vert ein utanfor dersom ein ikkje har telefon?
- Ja, det vert ein, seier dei. – For det meste av kommunikasjon skjer på den.
Det er også merksamt at type telefon har noko å seie. På spørsmål om dei har betalt telefonane sjølve fekk vi til svar at dei hadde vore medpå å betalt på den. Men ikkje kjøpt den aleine.

I Møre laurdag 08. juni kan du også lese intervjuet med Barnevakten "Eit hav av appar - desse bør føreldra vite om" og "Dataspelavhengigheit - ei diagnose"

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...