Møre

Møre

Annfrid har skrive dikt om Mork:

- Mork kan ikkje erstattast

Annfrid Fagerhol fekk behandling ved Mork i 2015. I diktet «La Mork få stå» har ho skrive om opplevinga.

Annfrid Fagerhol vart ramma av hjernebløding i 2015. Mork vart redninga, og no har ho skrive om opplevinga i eit røyrande og treffande dikt.

Møre
Møre

Publisert:

Sist oppdatert: 10.02.2019 kl 10:15

- Kva tankar eg har om nedleggingsplanane har eg forsøkt å få fram i diktet. Planane er meiningslause, ei katastrofe! Eg forstår verkeleg ikkje tankegangen til leiarane i helseføretaket, og eg trur ikkje ein vil klare å erstatte Mork.

Vegen til Mork

Annfrid hadde vore på arbeid, og var heime i Hovdebygda for å skifte dekk på bilen. Plutseleg kjende ho ei sterk smerte som gjekk frå skuldra, rundt halsen og opp i hovudet.

- Eg datt om, men klarte å ringe nokon. Ambulansen kom og eg vart frakta til Volda sjukehus, så med helikopter til st. Olavs i hu og hast, fortel ho.

Då ho kom til Trondheim fekk ho hydrocefalus, vasshovud, og måtte hasteopererast.

- Det vart lagt inn dren for å drenere vekk spinalveska, og eg fekk ei kraftig hovudpine kvar gong dei prøvde å fjerne drenet. Men, eg er glad for at det skjedde medan eg var i gode hender, for det berga livet mitt.

Etter andre operasjon fekk Annfrid hjernehinnebetennelse og måtte ligge tre veker på overvaking.

- Eg hugsar ingenting av dette, frå eg vart frakta til st. Olavs til eg kom på Mork. Berre få glimt, som at eg såg vengane på helikopteret og kjende meg letta over å få hjelp.

Deretter gjekk turen til Volda sjukehus, før ho fekk plass ved Mork rehabiliteringssenter.

Tett oppfølging og trening

Ved Mork fekk Annfrid den kvila og roa ho trengde for å verte betre. Ho vart plassert på eit rom heilt nede i hjørnet i kjellaren, for å verte mest mogleg skjerma.

- Eg hadde slik hovudverk, tolte ikkje høge lydar og støy, og sov veldig mykje i starten. Det var godt å vere her, med naturen rett utfor døra i fredelege omgjevnadar. Eg fekk plukke dei fyrste blomane, rusle rundt huset eller gå ned til sjøen. Litt fisking gjorde eg også her, smiler ho.

Elles var det treningar av alt slag, frå fysioterapi for å trene opp gangen, til noko så enkelt som bildelotto for å trene hukommelsen.

- Alle treningsapparat var tilgjengelege til ei kvar tid. Vi fekk opplæring og motivasjonen til å trene, og når ein var sjuk var det godt å kunne sleppe å reise ut av huset for å få den naudsynte treninga. Det var ei utruleg stor støtte i fellesskapet ved Mork. Vi delte erfaringar, støtta og hjelpte kvarandre.

Stor takk til Mork

Ei undersøking utført av Høgskulen i Molde og Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus, frå 2018, avdekker mangelfull oppfølging av slagramma. Resultatet er publisert i Hjernecella, tidsskrift for Norsk Foreining for Slagrammede.

Eit klart fleirtal, om lag 70 prosent, melder om manglande samarbeid både mellom sjukehus og kommune og internt i heimkommunen.

- Mork kan ikkje erstattast. Etter Mork valde eg å trene vidare på eiga hand, men eg hadde aldri klart det utan opplæringa og motivasjonen eg fekk gjennom opphaldet.

I dag har Annfrid fått kreftene tilbake og klarer seg fint, men slit framleis med hukommelsen, konsentrasjon og høge lydar.

- Eg er svært takksam for behandlinga ved Mork og fellesskapet eg har fått gjennom foreininga for slagramma på Søre Sunnmøre, og vil rette ein stor takk til alle mine kristne venner som bad for meg.

Diktet Annfrid har skrive om opplevinga ved Mork:

La Mork få stå

Til deg som styrer og råder, og har makt.
Har det inga betydning, det som vert sagt?
For mange er Mork eit verdifullt slott,
der trygg og kjærlig omsorg, gjorde så godt.

Då kroppens bevegelse var eit ork,
var eg så heldig å få kome til Mork.
Når vi vert ramma av hjerneslag,
treng vi rett behandling, både natt og dag.

Tankekaos, er ofte meir enn nok,
å slite med etter slikt eit sjokk.
Om du fekk vandre litt i mine sko,
skal tru om du då, det betre forstod?

I livet vårt, vert både tomrom og gap.
Ein kjenner på mismod, avmakt og tap.
Mykje av det ein før kunne og visste
var ein daglege kamp for ikkje å miste.

Eg trengde så sårt å på Mork, få bo,
kome til krefter igjen, i fred og ro.
Det gjer meg så hjerteskjerande triste,
at andre lidande, kan tilbodet miste.

Det er ingen sjølvfølge å atter kunne gå,
Eller meistre ein kvardag, på eigne bein stå.
Men takka vere MORK vart vi trena opp.
Steg for steg, til ein sterkare kropp.

Personalet på Mork kan vi rose og takke,
for trening i hukommelse, øving i å snakke.
Aktivitetar, fysio, informasjon og samtale,
fellesskap, ute og inne, alt det sosiale.

Å få helsa tilbake frå smerte og uføre,
Må det i Norges land, vegast kvart øre?
Når ein fungerande legedom begrenser,
Kan resultatet slå ut i dyre konsekvenser.

Kva tilbod, kan du kome med då, ska tru?
Tenk om den neste sjuke, ville vere du?
Kan du vere takksam, fornøgd og blid,
Om du vert sittande einsam som invalid?

Hjernebehandling, den må skje fort.
Og det krevst: At avstand til hjelpa er kort.
Nedlegging av Mork – FY SKAMMA
Tankar og ord frå ein slagramma.

Annfrid Fagerhol

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...