Møre

Møre

Saman mot valdtekt :

- Ta vare på kvarandre

* Russepresidentane ved Volda vgs., Benjamin Mpumelelo Mpanza Lindalen og Jenny Heltne Nilsen, viser fram boksershortsane russen fekk frå Sanitetslaga.

- Ta vare på kvarandre, og set tydelege grenser. Det var oppmodinga årets russ ved Volda vidaregåande skule fekk under informasjonsmøtet torsdag. Møtet har vorte tradisjon i Volda før russetida tek til.

Møre
Møre

Publisert:

For femte året på rad samla russen ved Volda vidaregåande skule seg i festsalen for å få informasjon om dei gledene og farane russetida fører med seg. Russekampanjen er eit samarbeid mellom SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep), Norske Kvinners Sanitetsforeining og russen. I Volda er også helsesyster og politiet med i samarbeidet om Russekampanjen.

Russekampanjen 2016

I Volda byrja ein med informasjonskampanje for russen allereie for fem år sidan, då som eit samarbeid mellom helsesyster, SMISO og politiet. I fjor kom også Sanitetskvinnene inn som samarbeidspartnar, og då vart det til ein fylkesdekkjande kampanje.

– SMISO og Norske Kvinners Sanitetsforeining reiser no på besøk til alle vidaregåande skulane i Møre og Romsdal og gir informasjon til rundt 3.000 russ. Målet for Russekampanjen 2016, «Saman mot valdtekt», er at det ikkje skal vere nokon russevaldtekter i Møre og Romsdal i år, seier vernepleiar i SMISO, Merete Nerland.

Sex, alkohol og russeknutar

Ein av dei første russeknutane som russen i Volda og Ørsta kan ta, er å vere med på Russekampanjen, og det var godt oppmøte i festsalen torsdag. Merete Nerland frå SMISO snakka til russen om alkohol, sex og samtykkje.

– Målet med dette møtet her er å skape haldningar. Haldningar om det å sette grenser, og haldningar om å ta vare på kvarandre. Ein skal vere bevisst på sine eigne og andre sine grenser. Særleg i ei tid med mykje fest, alkohol og sex, sa Nerland til dei frammøtte.

– Eg har ikkje sett lista over russeknutar her i Volda og Ørsta, men eg har sett mange av dei i Molde. Dei aller fleste omhandlar sex, alt frå kyssing til gruppesex. Då må ein tenkje mykje på samtykkje. Er alle med på dette? Er ein klar over kva som kan vere konsekvensane? La ikkje ein russeknute eller eit dumt val få konsekvensar for resten av livet, sa Nerland.

Kva er ein valdtekt?

Nerland fortalde russen om ei hending i Molde der ei ung jente vart valdteken etter at ho sovna på ein fest. Valdtektsmannen var ein av dei ho gjekk i klasse med. Nerland fortalde om korleis hendinga var øydeleggjande for offeret, overgriparen og for miljøet rundt dei. Hendinga skapte splid i klassemiljøet og mellom venane til både offer og overgripar. Nerland viste russen filmen «Johannas film – Eit stillteiande samtykkje» om hendinga, og det gjorde inntrykk på dei i salen. Nerland fortalde vidare om kva som er ein valdtekt.

– Overfallsvaldtekter er noko alle veit kva det er, men festvaldtekter er ganske annleis. Overgrep mot sovande personar, eller personar som av ulik årsak ikkje kan sette seg til motverje, er heile 48 prosent av alle melde valdtekter, og aldersgruppa som oftast vert utsett for dette er 15- 24 år, altså den aldersgruppa de er ein del av, sa Nerland. – Det er svært ofte kjennskap mellom partane i festvaldtekter, eg vil ikkje kalle det mellom vener, for vener valdtek ikkje kvarandre. 90 prosent slike saker vert ikkje melde til politiet. Det å presse nokon til å ha sex med andre, eller å presse nokon til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv eller andre, for å sende videoar eller bilete over mobil eller internett er også sett på som valdtekter etter lova. Så ein treng ikkje å vere i same rom for at det skal reknast som valdtekt, forklarte Nerland. – Utan samtykkje, gjerne entusiastisk samtykkje, så ta det som eit nei. Vær aldri i tvil, om du er det så spør.

- Involver foreldre og føresette

Politioverbetjent Pål Inge Olsen frå Førebyggjande avsnitt på Søre Sunnmøre snakka til russen som tidlegare russepresident. Han minna ungdommen på hendinga med pingvinane i Atlanterhavsparken i fjor, og at uniforma deira, russedressen ikkje fritek dei for straffeansvar.

– Vi har som mål at alle er like heile etter russetida. Vi har mange russ, men ingen å miste. Finn gjerne på artige sprell, men ver kreative, og la dei for all del ikkje gå ut over andre, sa Olsen.

Olsen oppmoda òg russen til å ha med foreldre og føresette i russetida.

– Ver ærlege med dei, ha samtalar med dei og gjer avtalar. Og bruk dei gjerne som sjåførar. At dei er involverte er ikkje det same som at dei held dykk under konstant oppsyn eller spionerer på dykk. Gode og ærlege samtalar gir meir tryggleik for dykk sjølve, men også for dei næraste rundt dykk.

>»Goodiebag»

Slik som i fjor fekk russen delt ut «goodiebags» frå Sanitetskvinnene etter informasjonsmøtet. Der fann dei mellom anna dei oransje boksershortsane, der jentene sine har slagordet «Spør meg først», medan gutane fekk «Eg tek ansvar». I tillegg fann russen informasjonsbrosjyrar og diverse sanitærartiklar i posane, saman ein raud knapp frå Sanitetslaget, som er russeknuten dei kan ha i russehua si.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...