Annonse
Møre
Familien Svanøy Yndestad tok turen til Raudøya for å få ein aktiv og fin feriedag.
 Foto: Brian Dale

Familien Svanøy Yndestad tok turen til Raudøya for å få ein aktiv og fin feriedag. Foto: Brian Dale

Triveleg familiedag på Raudøya

Lytt til teksten Stopp opplesingen

Onsdag vart den årlege familiedagen på Raudøya arrangert under Naturfestivalen.

Publisert:

Det har blitt tradisjon å arrangere familiedag på Raudøya under Naturfestivalen. Trass litt dårleg vêr var det over 60 personar som deltok. Der fekk born og foreldre prøve ei rekkje aktivitetar som fiske, kajakk, kano, og skyte med luftgevær. Det vart også grilla mat, og det vart ein svært innhaldsrik og spennande dag.

Over 60 personar tok turen til Raudøya.
 Foto: Brian Dale

Over 60 personar tok turen til Raudøya. Foto: Brian Dale

Eit godt tilbod

Det er fjerde gangen at ein slik familiedag vert arrangert på Raudøya, og det har blitt meir og meir populært for kvart år. I år var det over 60 påmelde, og spesielt kajakk og kano vart svært populært blant store og små.

Annonse

- Her er det mykje å styre med, og det er kjekt at så mange tek turen hit. Vi merkar at familiedag på Raudøya blir meir og meir populært kvart år, og det er kjekt, seier Frank Harald Velle, som har arbeidd med å arrangere familiedagen. Frank Harald er til dagleg tilsett som lærar ved Ørsta Ungdomsskule, som eig mykje av utstyret som er teke i bruk. Frå skulen hadde han også med seg fire flinke ungdommar som arbeidde med å frakte folk fram og tilbake frå den trivelege øya i Ørstafjorden.

Å prøve seg med luftgevær var ein populær aktivitet på Raudøya.
 Foto: Brian Dale

Å prøve seg med luftgevær var ein populær aktivitet på Raudøya. Foto: Brian Dale

Set pris på tilbodet

Sidan 2006 har elevar og lærarar frå Ørsta Ungdomsskule, avdeling Liadal, arbeidd med å halde Raudøya i god stand gjennom å skifte kledning på bygga, måle, skifta tak og slått plenane på øya. No nyttast Raudøya til å invitere grunnskular på uteskule, leirskule og til bruk for andre aktivitetar, som Naturfestivalen. Frank Harald trur folk set pris på det tilbodet ein kan få på øya.

- Vi får god tilbakemelding på familiedagen og på Raudøya generelt. Det er stas, og folk fortel at dei set pris på det arbeidet som er gjort her. Kanskje spesielt kjekt er det i år, når folk er på ferie i nærområdet og treng noko kjekt å finne på her i området, seier Frank Harald.

Familien Svanøy Yndestad tok turen til Raudøya for å få ein aktiv og fin feriedag.
 Foto: Brian Dale

Familien Svanøy Yndestad tok turen til Raudøya for å få ein aktiv og fin feriedag. Foto: Brian Dale

Ein triveleg stad å vere

Johan Svanøy Yndestad frå Rjåneset hadde teke med seg døtrene Maya og Anna Sofie til Raudøya for ein triveleg og aktiv feriedag. Der prøvde dei å skyte med pil og boge, og å reie.

- Det er alltid kjekt å reise til Raudøya, og her er det alltid noko å finne på, seier Johan.

Familien Svanøy Yndestad ser omtrent rett ut på Raudøya frå huset sitt, og prøvar å nytte moglegheitene som byr seg til å reise ut dit. For dei er det alltid noko å ta seg til med på Raudøya.

- På Raudøya er det heilt herleg å vere. Vi må nytte moglegheita når dei lagar til så mykje aktivitetar og leikar her, seier han vidare.

Etter mykje leik og moro vart det laga mat på bålpanne, og familiar fekk slappe av og nyte ein matbit i vakker natur på Raudøya før turen gjekk heimover.

blog comments powered by Disqus