Møre

Møre

Trongt om plassen i Volda

Ved skulestart såg det slik ut ved ein av parkeringsplassane ved Høgskulen. Foto: Sofie Sætre

Dei fleste kan vere einige om at parkeringssituasjonen i Volda er utfordrande. Spesielt gjeld dette kring Høgskulen og Sjukehuset, men også i sentrum er det visse utfordringar. No ynskjer politiet seg eit møte for å få finne betre løysingar kring dette.

Møre
Møre

Publisert:

At det er utfordrande å finne parkering i Volda, er ikkje til å kome bort frå. Spesielt gjeld dette kring Høgskulen og Sjukehuset, der det over lang tid har vore vanskeleg Også i Volda sentrum er det til stadigheit ein del uheldige parkeringar.

Få klager i sentrum

På spørsmål om det vert gjort noko med situasjonen, svarar lensmann Guttorm Hagen at han ikkje opplever det som eit stort problem i sentrum.

– Eg opplever ikkje at det er eit vesentleg problem i Volda sentrum. Vi har fått inn klager kring Høgskulen og Sjukehuset, men få i sentrum. Det fins nok her og, og vi vil sjølvsagt ta tak i det dersom det er tilfelle her. I tillegg må det vere samsvar mellom skilting og skiltplan. Elles har vi patruljer ute, men parkeringskontrollar er ikkje noko vi prioriterer høgt på dette tidspunktet, seier Hagen.

Ynskjer seg møte

Hagen seier vidare at dei ynskjer eit møte med alle partane kring situasjonen kring Høgskulen.

– Det er viktig å poengtere at politiet ikkje er problemeigarar her. Difor ynskjer vi eit møte med alle partane. Eg har allereie vore i kontakt med kommunen, men Høgskulen har ikkje hatt tid no, då dei har vore opptekne med semesterstart. Eg håpar at vi kan få til eit møte innan kort tid, for det er fleire utfordringar knytt til dette. Mellom anna er det ein del som nytter seg av desse plassane som langtidsparkering, og det går ut over andre. I tillegg er det tydeleg at det er for stor pågang kring desse instansane, til at den noverande parkeringskapasiteten klarer å ta unna for dette. Alle er interesserte i å få ei betring kring dette, og dette ynskjer eg å drøfte med dei, seier Hagen.

I Fjellveien er det ofte mange bilar parkert, som fylgje av fulle parkeringsplassar i området rundt. Her ville det vore vanskeleg for utrykkingskøyrety å passere. Foto: Torger Havåg


Jobbar med saken

Ordførar Jørgen Amdam er langt på veg einig med Hagen, og seier at det ikkje er i sentrum dei største utfordringane ligg.

– Når det kjem til parkering i sentrum, har kommunen engasjert seg gjennom mellom anna gjennom Sentrumsprosjektet, og skiltplan og skilt er på plass. Status er nok at det fins plassar, men dei er ofte vanskelege å finne, eller for langt unna. Voldingar har kanskje vore vande med å parkere rett ved butikken, men det vert stadig vanskelegare. I tillegg er det mange som brukar bilen på korte avstandar, noko som også gjer situasjonen verre. Eit eksempel er til dømes mellom sentrum og Høgskulen, der kanskje kunne teke beina fatt, seier Amdam.

Han er også klar på at det er kring Høgskulen og Sjukehuset skoen trykkar.

– Kring sjukehuset er det ikkje fastsett ein skiltplan, så her er det vanskeleg for å gjere noko konkret akkurat no. Men eg veit det vert jobba med tiltak, og at det også skal vere midlar til dette. Kring Høgskulen er det deira område, sjølv om der også er kommunale parkeringsplassar. Og til dømes kring Kårstadbygget er det mykje parering vi gjerne hadde sett at politiet tok tak i. Eit alternativ inne på området kan vere betaling, slik som det er gjort til dømes kring Høgskulen i Sogndal. Når det kjem til spørsmålet kring betalingsparkering i resten av Volda, har det ikkje vore konkrete planar om dette. Men om det skal skje, vil det verte samtidig med Ørsta og Ulstein, for å unngå konkurransefordelar, seier Amdam.

Vil gjere noko

Også Høgskulen er einig i at noko trengs å gjerast, og innrømmer at situasjonen er utfordrande.

– Det siste året har det vore trongt om plassen her oppe, seier rektor Johann Roppen, som stadfestar at dei har vore i kontakt med politiet og kommunen. Det vi opplever er at dei lokale finn plassar, mens andre slit med å finne, og dermed vert det ein del parkeringar på stadar vi ikkje ynskjer det. Vi ynskjer sjølvsagt eit møte, men dersom det er snakk om å innføre betalingsparkering, må dette også kome i Volda sentrum, samtidig, seier Roppen.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...