Nynazistisk par dømt til fleire års fengsel i Storbritannia

Eit par som høyrer til ei nynazistisk gruppe og har kalla opp sonen sin etter Adolf Hitler, er dømt til fleire års fengsel av ein britisk domstol.

Dei to er dømde for å vere medlem av ei gruppe som er forboden etter britiske antiterrorlover.

Adam Thomas (22) og den portugisiske sambuaren hans Claudia Pantas (38) vart dømt til høvesvis seks og eit halvt og fem års fengsel av ein domstol i Birmingham.

Dei to vart dømde saman med fire andre for å vere medlemmer av gruppa National Action, som var den første høgreekstreme gruppa i Storbritannia som i 2016 vart forboden etter antiterrorlova.

Dommar Melbourne Inman sa at paret, som gav sonen sin mellomnamnet Adolf, har ei lang historie av valdeleg rasistisk tru. Han sa at National Action ønskte å kvitte seg med demokratiet i Storbritannia med å bruke vald og drap, og innføre ein nazi-styrt stat.

(©NPK)