Nytt solid løp av Olsbu Røiseland

Marte Olsbu Røiseland (28) har stabilisert seg i toppen. Torsdag gjekk ho inn til 4.-plass på skiskyttarsprinten i Ruhpolding.

Marte Olsbu Røiseland (28) har stabilisert seg i toppen. Torsdag gjekk ho inn til 4.-plass på skiskyttarsprinten i Ruhpolding.

28-åringen frå Froland fekk ein bom på siste ståande skyting, og i mål var ho 30,6 sekund bak den slovenske vinnaren Anastasia Kuzmina.

Til liks med vinnaren skaut også Italias Lisa Vittozzi på 2.-plass feilfritt, men i sporet gjekk det ikkje like fort som med Kuzmina. Trass i at ho var lynrask på standplass enda Vittozzi opp 11,5 sekund bak bestetida.

Sveriges Hanna Öberg sneik seg også inn føre Noregs beste, men berre så vidt, med 1,5 sekund. Öberg skaut også ti blinkar rett ned.

Olsbu Røiseland var klart best blant dei som måtte ut i ein strafferunde.

Olsbu Røiseland har vore god gjennom heile denne sesongen. Før jul tok ho sine to første verdscupsigrar i tsjekkiske Nove Mesto.

Ingen av dei andre norske på startstrek kom inn blant dei 20 beste.

- Dette var for dårleg. Synd at eg skyt så dårleg. Kjipt og kjedeleg. No er eg lei, sa ei skuffa Tiril Eckhoff til NRK etter sin 29.-plass.

(©NPK)

Marte Olsbu Røiseland på standplass i Nove Mesto na Morave før jul. Foto: Petr David Josek / AP / NTB scanpix.