Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kulturdepartementet har utnemnt nytt styre for Norsk filminstitutt (NFI).
npk@npk.no
Publisert: 30.06.2016 kl 17:09
– Norsk filminstitutt står overfor mange spennande utfordringar i tida som kjem. Med kompetansen til det nye styret på blant anna teknologisk utvikling er eg trygg på at NFI vil vere godt rusta til å handtere desse utfordringane, meiner kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).
Det nye styret er utnemnt for perioden 1. juli til 30. juni 2020, og noverande styreleiar Marit Reutz har takka ja til å fortsette å leie styret som består av Elisabeth Storaas Heggen, Tove Nedreberg, Bjørn Eirik Olsen, Jo Christian Oterhals og Daniel Nordgård.
Norsk filminstitutt er statens forvaltningsorgan for filmsektoren, og forvaltar om lag 600 millionar kroner i tilskotsmidlar til utvikling, produksjon, lansering og filmformidling. Dei har eit driftsbudsjett på om lag 103 millionar kroner. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.