Ødegaard: - Eg har teke steg defensivt

Martin Ødegaard er tilbake i landslagstroppen etter eit gjestespel i U21. Han tek gjerne mot ros frå Lars Lagerbäck, som meiner han har blitt betre defensivt.

- Eg veit ikkje om det er noko han har etterlyst hos meg, men vi har snakka saman om korleis han ønskjer at eg skal bidra defensivt, og han er veldig klar på rolla i laget. Eg har prøvd å gjera den jobben, som er ganske lik rolla eg har i klubben når eg spelar på kant, seier Ødegaard til NTB.

- Eg får difor heile tida trent på det og føler at eg har teke steg der, så det er hyggjeleg at han også meiner det.

Lagerbäck sa på pressekonferansen måndag at Ødegaard i hans auge er i ferd med å bli ein «allroundspelar».

- Han har utvikla forsvarsspelet sitt og tek til å bli ein ganske god allroundspelar, sa landslagssjefen, som aldri har lagt skjul på at defensive kvalitetar er viktige for alle spelarar i laget hans.

Ødegaard er ikkje einig i at den biten har mangla i repertoaret hans.

- Eg føler at eg har vore brukbart defensivt, men det er kanskje slik at spelarar som er gode offensivt må visa meir defensivt for at det skal bli verdsett. Men eg føler altså at eg har teke steg der, og det er positivt, seier han.

Bulgaria-minne

Han har både gode og mindre gode minne frå kampar mot Bulgaria. I oktober for fire år sidan blei han den yngste spelaren nokosinne i ein EM-kvalifiseringskamp då han kom inn og bidrog til 2-1-siger over bulgararane på Ullevaal.

- Det tek til å bli nokre år sidan, men det var den første EM-kvalifiseringskampen min, med siger og god stemning på Ullevaal, så det er gode minne, seier Ødegaard, som den gongen var 15 år og 300 dagar gammal.

I september sat han på benken og så Noreg tapa 0-1 for Bulgaria i Sofia.

- Vi er veldig gira på å revansjera det. Vi var betre enn dei i den kampen og føler at vi fortente betre, og det skal vi prøva å ta igjen for tysdag.

Blir ikkje hemma

Ødegaard spelar med ei støtteskjene på handa etter brotskaden han nyleg fekk i kamp for Vitesse, men seier at ho ikkje hemmar han.

- Det er uvant og kan vera litt irriterande å spela med eit slik vern, men det hemmar meg ikkje, seier Ødegaard, som reknar med å måtta bruka skjena ein del veker til.

- Eg blei operert, og det er sett inn ei plate. Ho vernar godt, men det tek visst fire til seks veker før det har grodd, så eg må nok bruka henne så lenge.

(©NPK)

Martin Ødegaard, med støtteskjene på høgrehanda, i aksjon under landslagstreninga på Ullevaal stadion måndag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix