Annonse

Ødegaard om Spania-tilværet sitt: Perfekt by, stolte stunder, draumar om Europa

Martin Ødegaard lovpriser den nye kvardagen sin i Nord-Spania. Han har vorte ein hit i Real Sociedad allereie.

Annonse

I helga spelte 20-åringen til toppkarakter i tre av dei største sportsavisene i Spania: Marca, AS og Mundo Deportivo.

Hans val av Real Sociedad ser ut til å vere ein innertiar. Real Madrid skal ha ønskt at Ødegaard gjekk til ein klubb som spelte i Champions League eller Europaligaen denne sesongen, men nordmannen sa nei.

- San Sebastián er heilt perfekt for meg og ein roleg by. Det er nokre barn som vil ha sjølviar med meg innimellom, men det er berre hyggeleg, seier Ødegaard til lokalavisa El Diario Vasco.

Tøft program

Han skåra det første målet på den oppgraderte Anoeta-stadion. Det kom i 2-0-sigeren over Atlético Madrid laurdag.

- Glede mest av alt. Eg kan berre seie at eg er stolt over å bli ein del av historia til denne klubben. Det er verkeleg ei ære for meg og endå ein grunn til å vere glad i denne byen. Eg hugsar ikkje så mykje frå skåringa. Det var berre ei veldig flott stund, seier Ødegaard om kampen på laurdag.

Real Sociedad står med sju poeng etter fire seriekampar.

- Vi har starta sesongen bra. No ønsker vi å halde fram slik og mot slutten av sesongen vere med i kampen om plass i Europa (Meisterligaen eller Europaligaen) neste sesong. Det er målet vårt, seier Ødegaard.

Snart ventar tre seriekampar på berre åtte dagar: Espanyol (borte søndag), Alaves (heime torsdag neste veke) og Sevilla (borte søndag neste veke).

Forsterka

Ødegaards løpsstyrke er vorten mykje sterkare det siste året. Evna hans til å springe i 90 minutt og tilleggstid har vorte lagt merke til også i Spania.

- Eg trenar ekstra på eiga hand. Eg er ein profesjonell spelar som liker å trene mykje. Eg gjer alt eg kan, slik at eg skal halde begge omgangane i ein kamp, seier Ødegaard.

Han er lånt ut for to sesongar, men avtalen gir begge partar rett til å hoppe av neste sommar. Allereie no meiner fleire spanske fotballekspertar at han blir Real Madrid-spelar frå juni neste år.

Ødegaards avtale med storklubben varer til 2023.

(©NPK)

Martin Ødegaard feirar skåring mot Atlético Madrid saman med Mikel Oyarzabal.
Foto: Vincent West / Reuters / NTB scanpix