Offentleg sektor har løfta nivået på digitale tenester det siste året

Digitaliseringa i kommunane har skote fart det siste året, men i seks av ti kommunar blir mange viktige oppgåver framleis løyste manuelt, ifølgje undersøking.

Ved inngangen til koronakrisa meinte ein tredel av kommunane at dei leverer avanserte digitale tenester, ifølgje undersøkinga «IT i praksis 2020», som er gjennomført av Rambøll Management i samarbeid med Visma og IKT Noreg i dei 500 største offentlege verksemdene i Noreg.

Delen kommunar som opplyser at dei leverer slike tenester, har auka med 23 prosentpoeng frå i fjor. Blant statlege verksemder opplyser 40 prosent at dei tilbyr avanserte individuelle tenester. Det er ein auke på 7 prosentpoeng frå 2019.

Politikkdirektør Liv Freihow i IKT Noreg seier til NTB at det er positivt at dei digitale tenestene i offentleg sektor det siste året har vorte meir samanhengande.

Seks av ti avhengige av manuelle operasjonar

Undersøkinga viser at eit fleirtal av dei statlege verksemdene meiner at dei har digitalisert alle eller dei fleste av dei interne prosessane sine, men i kommunane er det færre som har gjort det same.

Framleis er seks av ti kommunar i stor grad avhengige av manuelle operasjonar for å handtere viktige oppgåver.

– Når vi gjekk inn i koronakrisa, var fordelen at mange kommunar hadde komme langt i digitaliseringsarbeidet ut mot brukarane, som førte til gode moglegheiter for å oppnå kontakt, men bak publikumsløysingane stod det att tungvint arbeid med å behandle alt det som kom inn manuelt, seier Freihow.

Å digitalisere det ekspertane kallar «back-end» er ofte meir krevjande å få til, men det er òg der dei største effektiviseringseffektane ligg. Nokre slike prosjekt i samarbeid med næringslivet har vore svært vellykka under koronakrisa, meiner Freihow. Ho peikar mellom anna på kompensasjonsordninga til bedrifter, der Skatteetaten, Bits og DNB samarbeidde om ei digital løysing.

– Den typen innovasjon får ein berre til når marknad og offentleg sektor samarbeider. At det ikkje er større samarbeid, lir innbyggjarane og tilbodet av, seier ho.

Ikkje god nok digital kompetanse

I undersøkinga opplyser offentlege leiarar at det ikkje er tilstrekkeleg kompetanse blant dei tilsette til å nyttiggjere seg moglegheiter som ligg i digital teknologi.

– Å vere gode brukarar handlar mykje om organisering og leiing. Det må vere fokus på å ta i bruk dei digitale løysingane, og der har nok offentleg sektor ein god del å gå på, seier Freihow.

– Men det er klart at den læringskurva vi alle har hatt dei siste vekene, kan visast òg i digital sektor, held ho fram.

Hofstad Helleland: Vi gjer store sprang

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner at rapporten viser at offentleg sektor har gripe moglegheita, og at det er positivt at kvaliteten på offentlege digitale tenester no blir heva og blir meir samanhengande.

For å følgje dette opp, har regjeringa saman med KS mellom anna utarbeidd ein felles digitaliseringsstrategi for offentleg sektor, og det blir stimulert til digitaliseringstiltak gjennom Digifin, som er eit spleiselag mellom regjering, kommunar, fylke og KS, fortel ministeren.

– Vi gjer store sprang i digitaliseringa av landet akkurat no, på utruleg kort tid. Så er det sjølvsagt framleis mykje som står att, derfor skal vi halde fram det gode samarbeidet med KS for å gjennomføre dei felles måla vi har sett oss i digitaliseringsstrategien, seier ho til NTB.

Når det gjeld å auke den digitale kompetansen i offentleg sektor, viser ho til kompetansereforma til regjeringa for arbeidslivet «Lære heile livet», som regjeringa reknar med at vil bidra med fleire relevante utdanningstilbod.

(©NPK)

Digitaliseringa i kommunane har skote fart det siste året, ifølgje rapport. Her eit bilde av då bystyret i Oslo for første gong gjennomførte eit digitalt bystyremøte 22. april. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix

Distrikt- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner det er mykje som står att når det gjeld digitalisering av offentleg sektor. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix