Annonse

Økonomar åtvarar mot straumstøtte – dei har gode poeng, meiner Støre

Fleire økonomar åtvarar mot å gi bedrifter pengestøtte for å takle dei høge straumprisane. Statsminister Jonas Gahr Støre meiner dei har mange gode poeng.

– Jo meir straumstøtte til bedriftene, jo meir går direkte til eigarane. Same korleis ein designar det, er det eigaren som sit igjen med overskotet. Det er eit argument som må med i betraktning, seier NHH-forskar Ole-Andreas Elvik Næss til Dagens Næringsliv.

Regjeringa jobbar på høggir saman med LO og NHO for å jobbe fram eit grunnlag for ei straumstøtteordning for den relativt vesle delen av næringslivet som blir ramma uforholdsmessig hardt av at straumprisane er så høge. Utfordringa alle partar peikar på, er å få etablert ei ordning som er tilstrekkeleg treffsikker, at ho hjelper der det trengst mest og berre der, og som ikkje lèt seg utnytte eller misbruke.

– Dei økonomane som åtvarar, har mange gode poeng. Det er ansvaret til bedriftene å planleggje for drifta, kva det kostar å drive og korleis du prissetjar produkta sine. Det prinsippet må liggje i botnen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB tysdag.

NHO bad om ei støtteordning for bedriftene allereie i vinter, men hos motparten LO har ein ikkje sett det store behovet. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier likevel at organisasjonen vil vere med på å sjå på ei ordning, såframt ho ikkje lèt seg misbruke eller utnytte.

Støre: Lèt meg ikkje stresse

Måndag sørgde Støre for å skaffe seg litt arbeidsro ved å roe Høgre og påskunde auka straumstøtte til hushalda. I første omgang har han til måndag med å leggje fram ein arbeidsplan for Stortingets presidentskap. Men statsministeren understrekar overfor NTB at det er statsbudsjett, som regjeringa startar arbeidet med i midten av oktober som er «staden for heilskap i økonomien», altså der også straumstøtta høyrer heime.

– Eg har ikkje tenkt å la meg stresse på tid om dette. Det kan i så fall komme til å vere til skade for bedriftene. Vi skal heller ikkje gjere dette på ein måte som gir bedriftene eit problem ved neste korsveg, ved at vi mistar styringa over økonomien. Det vil ramme bedriftene i form av høgare renter og ytterlegare auka prisvekst, seier Støre.

Det kan bli aktuelt å innføre ein variant av ordninga som gjeld for hushalda, men ein tidsavgrensa, gjerrigare variant med betydeleg fleire og sterkare avgrensingar, får NTB opplyst. Etter det NTB forstår, blir det òg sett på fleire andre konkrete modellar for straumstøtteordning til bedriftene.

– Dette er såpass samansett, at når både LO og NHO understrekar betydninga av å ta seg tid, så underbyggjer det det vi har sagt, seier Støre.

Bedriftene går godt

Næss og ei rekkje andre økonomar poengterer at det går veldig godt i norsk næringsliv, og at det er svært høg aktivitet i norsk økonomi – sjølv om kraftprisane har skote ytterlegare i vêret sidan invasjonen av Ukraina. NHH-forskaren kan ikkje sjå at dagens situasjon er dramatisk for næringslivet.

– Eit døme er Scandic og hotellbransjen generelt. Dei har levert gode tal så langt, sjølv om det er ei næring som krev mykje straum. Viss ein krev støtta til bedrifter som bruker mykje straum, kan det likevel vere snakk om ei bedrift som gjer det utruleg bra og har milliardærar som eigarar.

Straumstøtte til bedrifter er ein veldig dårleg idé, meiner samfunnsøkonom Steinar Juel i den borgarlege tankesmia Civita. Ingenting tilseier at situasjonen er dramatisk for næringslivet, ifølgje Juel, som meiner konklusjonen må bli «null støtte til bedrifter».

– At bedrifter fekk kompensasjon under koronanedstenging, burde vere eit unntak frå regelen om at det ikkje skal skje. Den gong kunne det grunngivast med at når staten bestemmer at samfunnet skal stengje, så blir næringslivet sett i fullstendig sjakk matt. Det er ein annan situasjon enn at det blir utsett for brotsjø med kraftig prisauke på straum, seier han til DN.

(©NPK)

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er samd i at økonomane som åtvarar mot straumstøtte til bedriftene har mange gode poeng. Likevel ligg det ein tidsavgrensa ordninga i støypeskeia denne seinsommaren.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK