ANNONSE
Annonse

Økonomiprofessor spår kraftig hopp i husleige for studentar i august

Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole, trur det blir eit etterspurnadsoverskot etter pandemien.

Det skriv Khrono.

– Pandemien er over og studentar og arbeidsinnvandrarane har komme tilbake til byane. Samtidig har det vore låg aktivitet på byggjefronten. Dermed blir det eit stort etterspurnadsoverskot, seier Grytten.

Grytten trur det blir eit prishopp i husleige for studentane i august, og at situasjonen vil roe seg utover september og oktober.

(©NPK)

Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole, spår høgare husleigeprisar i august. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

ANNONSE
Annonse