Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Sjølv om oljeprisen fall til under 50 dollar, hadde Oslo Børs oppgang onsdag. Hovudindeksen enda på 606,92 poeng, ein auke på 0,6 prosent.
npk@npk.no
Publisert: 22.06.2016 kl 18:15
Statoil var som vanleg mest omsett, og det indekstunge selskapet bidrog mykje til oppgangen med ein auke på 2 prosent.
Også DNB (+0,8), Orkla (+0,5), Yara International (+0,3), Telenor (+0,9) og Subsea 7 (+0,9) hadde ein god børsdag. Blant dei ti mest omsette selskapa var det berre Marine Harvest som fall, med ein nedgang på 1,2 prosent.
Utanom hovudindeksen var Funcom den store taparen. Spelselskapet kunngjorde onsdag at det utset den såkalla «early access»-lanseringa av «Conan Exiles» til januar 2017. Marknaden svarte med å sende aksjen ned så mykje som 12,1 prosent. På éin månad har selskapet falle bortimot 60 prosent i verdi.
Ved dei leiande børsane i Europa var det oppgang onsdag. I London auka FTSE 100-indeksen 0,9 prosent, mens CAC 40 i Paris og Dax 30 i Frankfurt styrkte seg med høvesvis 1 og 1,2 prosent.
Prisen på nordsjøolje fall onsdag til under 50 dollar fatet. På ettermiddagen vart olja omsett for 49,88 dollar fatet, eit fall på vel 2 prosent frå tysdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.