Annonse

Oljetankar gjekk på mine utanfor Saudi-Arabia

Det Malta-registrerte tankskipet MT Agrari gjekk onsdag på ei mine utanfor kysten av Saudi-Arabia, men det er ikkje meldt om oljeutslepp.

Annonse

– MT Agrari vart ramma rundt 1 meter under vasslinja og er påført skadar. Det blir stadfesta at mannskapet er i god behald, heiter det i ei kunngjering frå det greske operatørselskapet til oljetankaren.

Ifølgje det britiske tryggingsselskapet Ambrey gjekk oljetankaren på ei sjømine i hamneområdet i Shuqaiq i Saudi-Arabia. Det er hol i skroget, men tankskipet skal ikkje vere i ferd med å søkke og det er ikkje meldt om utslepp.

Saudi-Arabia skulda tysdag Houthi-opprørarane i Jemen for å ha plassert fem sjøminer i Bab al-Mandab-sundet sør i Raudehavet.

Saudi-Arabia gjekk til krig mot houthiane i 2015 og har stått i spissen for ein regional koalisjon og sidan gjennomført massiv bombing i Jemen.

(©NPK)