Annonse

Omfattande brot på arbeidsmiljølova ved Oslos kommunale koronatesting

Ein rapport frå helseetaten viser omfattande overtidsbruk og til saman 899 brot på arbeidsmiljølova ved fire koronateststasjonar i Oslo under pandemien.

Oversiktene blir offentleggjorde etter ei rekkje skriftlege spørsmål frå Raudts Maren Rismyhr til helsebyråd Robert Steen (Ap), skriv Vårt Oslo.

Lovbrota følgjer i stor grad dei ulike bølgjene av koronasmitte som ramma Oslo.

I starten av pandemien er ikkje lovbrota så omfattande, medan det var flest brot på arbeidsmiljølova i august i år. Det var då til saman 266 brot ved dei fire teststasjonane på Adamstuen, Aker, Bryn, Rommen, og Mortensrud.

(©NPK)

Tilsette ved dei fire koronateststasjonane i Oslo har jobba svært mykje overtid gjennom pandemien. Til saman er det registrert 899 brot på arbeidsmiljølova. Foto: Ketil Gjelstein Bjærke / NTB