Annonse

Omsorgsstreik blir trappa opp og rammar 18 verksemder

Streiken i private omsorgsbedrifter blir trappa opp. Konflikten mellom NHO og LO-forbunda Fagforbundet og FO har gått føre seg sidan 19. januar.

Annonse

Det nye uttaket er på i alt 24 tilsette, dermed er i alt 144 medlemmer frå Fagforbundet og FO i streik frå 1. februar fordelt på 18 verksemder over heile landet. I nokon av desse blir streiken trappa opp, medan 12 av dei så langt ikkje har vore ramma av streiken før no.

Bakgrunnen for konflikten er at Fagforbundets og FOs medlemmer meiner dei lønnsmessig har sakka kraftig etter over mange år.

Tariffavtalen omfattar svært mange ulike område. Det handlar om behandlingsinstitusjonar innan rus, psykiatri, barnevern, pleie og omsorg, Blindeforbundet, ein kino og nokre barnehagar, men også ideelle organisasjonar som Frelsesarmeen og Bymisjonen.

– Vi har lagt eit heilskapleg forslag, som kunne ha løyst begge dei to streikane i NHO-området, på bordet.

(©NPK)