Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Miljødirektoratet i Brasil har sett ein stoppar for bygginga av eit massivt vasskraftverk i Tapajos-elva i Amazonas, melder lokale medium. Miljøaktivistar og urfolk jublar.
npk@npk.no
Publisert: 05.08.2016 kl 15:04
Urfolkgrupper og den internasjonale miljøorganisasjonen Greenpeace stod saman i kampen mot São Luiz dei Tapajos-dammen. Motstandarane av det som ville ha blitt det største planlagde infrastrukturprosjektet i Brasil, meiner ei slik utbygging ville ha fordrive Munduruku-folket og trua regnskogen.
Det statsstøtta prosjektet la opp til å demme opp elva Tapajos i delstaten Para for å lage eit vassreservoar på størrelse med New York by. Vasskraftverket skulle etter planen få ein kapasitet tilsvarande seks atomkraftverk.
Greenpeace har blant anna kritisert regjeringa for å satse endå meir på vasskraft, på kostnad av andre fornybare energikjelder som vind- og solenergi. 70 prosent av energiproduksjonen til Brasil kjem frå vasskraft.
Tapajos-prosjektet har også løyst ut protestar mot tyske Siemens, som hadde fått i oppdrag å produsere turbinane til kraftverket.
– Dette er ein stor siger for Munduruku-folket, som bur i Tapajos-regionen, og som opplevde at tradisjonane og rettane deira var trua. Det er også ein siger for alle som jobbar med å verne regnskogen i Amazonas, seier Greenpeace-aktivist Danicley Aguiar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.