Ønskereprise for Kuzmina, norsk siger i nasjonscupen

Anastasia Kuzmina gjorde som i VM og vann verdscupsprinten i skiskyting i Holmenkollen torsdag. Marte Olsbu Røiseland vart beste norske på sjetteplass.

Både Olsbu Røiseland og Tiril Eckhoff måtte tole ein strafferunde og gjekk temmeleg likt under relativ tunge forhold på heimebane. Eckhoff enda på plassen bak Olsbu Røiseland.

Det bidrog til at Noreg er sikra sigeren i nasjonscupen for kvinner.

Sprintverdsmeister Kuzmina var det samtidig ikkje noko å gjere med. Den slovakiske stjerna tok den femte Kollen-sigeren i karrieren og sikra seg samtidig samanlagtsigeren i sprintcupen. Etterpå stadfesta ho at karrieren er over etter renna i Oslo.

Olsbu Røiseland var slått med 35,5 sekund torsdag av den suverene vinnaren.

- Eg fekk éin bom på liggjande og fekk ned alle blinkane på ståande. I sporet gjekk det heilt OK, summerte opp ho overfor NRK.

Eckhoff fekk gode svar

Tiril Eckhoff har slite med sjukdom etter VM i Østersund og var eit usikkert kort før sprinten på heimebane. 28-åringen gjekk likevel offensivt til verks og viste ikkje all teikn til helseproblema som har plaga henne dei siste dagane.

Fossum-løparen skaut fullt på første liggjande, men måtte ut i strafferunden etter ein sur bom på ståande. Dermed vart det sjuandeplass.

- Eg håper eg no fekk blåse ut litt, sa Eckhoff til NRK om eiga form etter sjukdomstrøbbelet.

(©NPK)

Tiril Eckhoff under skytinga i torsdagens verdscuprenn i skiskyting. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix