Annonse

Opel kan bli bedt om å kalla tilbake 100.000 bilar

Tyske styresmakter planlegg å be bilprodusenten Opel om å kalla tilbake rundt 100.000 dieselbilar på grunn av påstått utsleppsjuks.

Annonse

Politiet ransaka måndag kontora til Opel på to adresser i Tyskland på grunn av mistanke om at nokre av dieselbilane til selskapet var utstyrte med programvare som gjorde det mogleg å skjula giftige utslepp under testing.

Den føderale tyske transportstyresmakta KBA opplyser måndag ettermiddag at det er funne ei innretning i eksosrensesystemet på dei aktuelle bilane. Denne innretninga er ifølgje KBA ulovleg, og styresmaktene vil difor snarast be Opel om å kalla tilbake bilane.

Samferdselsdepartementet heldt i juli ei høyring i samband med mistanke om utsleppsjuks i tre av modellane til tyske Opel, som no er ei underavdeling av den franske bilprodusenten PSA.

(©NPK)

Tysk politi har ransaka Opels kontor. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix