Open strid i regjeringa om bomkutt-avtale

Venstre skal ha lagt fram eit heilt nytt utkast til avtale om bompengebelastninga for bilistane. Men Frp nektar å setje seg ved forhandlingsbordet på nytt.

- Det er vanskeleg å kommentere på eit innhald vi ikkje kjenner, men Venstre har hatt to månader på seg til å legge tinga sine på bordet. Vi ser oss framleis ferdige med forhandlingane, sa Framstegsparti-leiar Siv Jensen til NTB onsdag ettermiddag.

Ein halvtime tidlegare kom Venstre-toppane Abid Raja og Terje Breivik ut etter eit over tre timar langt møte i stortingsgruppa. Dei målbar ein heilt annan bodskap: Forhandlingane held fram, og Venstre har heilt nye utspel å legge fram for partnarane sine i regjeringa.

Parlamentarisk leiar Breivik poengterte at Venstre aldri har akseptert noko skisse til avtale - og fastslo at forhandlingane etter Frps krav om lette i bompengebelastninga for bilistane held fram. Stortingskollega Carl Erik Grimstad seier til NTB at gruppa har diskutert enkelttiltak, men òg at dei har sett folk i partiet i sving for å lage ei skisse frå Venstre.

- Venstre har ikkje stilt ultimatum til nokon. Venstre har vore opptatt av to ting i denne prosessen og i møtet i dag. Det er å sikre ei løysing som er bra for klimaet, som får gjort noko med luftproblematikken i storbyane og som sikrar eit godt alternativ til bilane, sa Breivik.

Solberg ber om ro

Statsminister Erna Solberg (H) reiste heim frå Reykjavik på Island ein dag tidlegare enn planlagt tysdag kveld, ifølgje TV 2 for å ta grep om den eskalerande konflikten rundt bompengesaka. Men medan Siv Jensen og Venstre-leiar Trine Skei Grande er i open konfrontasjon i media, har statsministeren så langt ikkje vore tilgjengeleg for media onsdag.

Det siste offentlegheita høyrde frå henne, var oppfordringa hennar under Dagsrevyen tysdag om ikkje å kommentere innhaldet i dei regjeringsinterne forhandlingane.

- Eg meiner vi alle kunne vore meir opptatt av å finne løysingar enn å seie så mykje rart, med skjulte agendaer, rundt omkring i media, sa Solberg, utan at ho konkretiserte kven eller kva for utsegner ho sikta til.

Grande drog til Halden

Det er uvisst om det er fastsett felles møte mellom partileiarane onsdag kveld. Grande var i 16-tida på veg til Halden for å delta under lagpresentasjonen til Ladies Tour of Norway.

Samtidig har Solberg kalla heim leiar Kjell Ingolf Ropstad i Kristeleg Folkeparti frå valkampturneen hans på Sørlandet. Ropstad stadfestar overfor NTB at han vender tilbake til Oslo for å vere tilgjengeleg i tilfelle det skulle blir behov for å møtast.

- Denne prosessen skal ikkje trekke ut i tid på grunn av oss. Vi skal bidra til at vi får ei løysing på denne saka, seier Ropstad til NTB.

Heller ikkje KrF har godtatt skissa Frp hevdar var klar til forankring i partiorgana.

Stortingsrepresentant Guri Melby seier Venstre er open for å redusere bompengetrykket, slik Frp ønsker, men på eitt vilkår: - Vi må vere heilt trygge på at vi ikkje få meir biltrafikk. Det er heilt avgjerande for oss.

Jensen-oppgjer med KrF og Venstre

I ein artikkel Frp har lagt ut på nettsidene sine, med tittelen «Derfor kalte Frp inn landsstyret», tar Siv Jensen eit kraftig oppgjer med politikarar frå Venstre og KrF som i VG tysdag stemplar Frp som illojalt.

- Eg reagerer kraftig på påstandar om at Frp har vore illojale og ikkje er til å stole på. Det er ikkje Frp som har hatt problem med å bestemme seg i bompengesaka, seier ho.

I 17-tida onsdag la Jensen ut eit bilde av seg sjølv og den vesle nevøen sin i tilsynelatande rolege og harmoniske omgivnader ved ein innsjø: «Frp og jeg har forhandlet oss ferdig. Men det er andre ting som er viktig også. Derfor er jeg en tur i marka med familien», skriv Frp-leiaren i teksten til bildet.

(©NPK)

Nestleiar og parlamentarisk leiar Terje Breivik er klar med nye forhandlingsutspel etter møtet i Venstres stortingsgruppe onsdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix