Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Vegard Venli i Kommunal Rapport er tildelt Flaviusprisen 2015 for arbeidet sitt for å opna aksjonærregisteret.
npk@npk.no
Publisert: 26.01.2016 kl 15:53
– Prisvinnaren deler ikkje berre av kunnskapen sin når det gjeld bruken av aksjonærregisteret, men også i andre saker, gjennom klagehjelp, føredrag og rådgjeving. Engasjementet hans for innsyn inspirerer både internt i mediebransjen og elles i samfunnet, heiter det i grunngjevinga til juryen, ifølgje Norsk Presseforbund, som deler ut prisen.
Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og journalist i Fædrelandsvennen Tarjei Leer-Salvesen får heiderleg omtale av juryen.
Moxnes får ros for kampen sin for openheit i Oslo kommune, noko som førte til at Raudt-leiaren blei politimeldt av bystyret i Oslo, men seinare frikjend av Oslo tingrett. Leer-Salvesen får på si side heiderleg omtale for arbeidet sitt med nettsida Innsyn. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.